tunet_historikk_tittel

Historikk

Guddalstunet er tildelt Olavsrosa – kvalitetsmerket til Norsk Kulturarv. Garden har ein spanande historie og er første gong nevnd i Snorre.
I september 2009 kjøpte eg barndomsgarden min i Guddal, ca. 5 km frå Rosendal sentrum. Det var eiga kyrkje på garden og ein kan framleis sjå restar av kyrkjegardsmuren. Også vikinggrav. Fram til år 1900 var garden Guddal samla i eit klyngjetun der tunet i dag ligg. Ni bruk og 54 hus. Dette var ein vanleg måte å organisera gardane på i mellomalderen og i nærområdet her var det fire slike klyngjetun. I år 1900 blei det gamle klyngjetunet oppløyst og dei andre bruka på garden flytta nedover i dalen medan mitt bruk blei verande. Det som står igjen av det gamle tunet i dag er stabburet frå kring 1850, eldhuset som truleg er frå 1700-talet, Jensastadlen frå kring 1870 og bygningane i Kålhagetunet. Historien er godt dokumentert og er noko eg ber med meg som ein naturleg del av formidlinga i tunet. 
Garden var eigd av Baroniet Rosendal heilt fram til 1930. «Guddalstunet» vert i dag drive som ei overnattings- og serveringsverksemd på garden.

I 1983 kjøpte foreldra mine tilleggsbruket Kålhagetunet, som grensar inn til tunet og starta der utleige til turistar i bygningane som stod på bruket (bygde i 1818). I 1989 bygde dei ei vertikaltdelt hytte med to utleigedeler – kvar med plass til 6 – 8 personar. Dei gamle husa blei også snart restaurerte til moderne standard og med plass til 6 – 8 personar.

Guddalstunet er tildelt Olavsrosa – kvalitetsmerke til Norsk Kulturarv.
Garden har ein spanande historie og er første gong nevnd i Snorre.

I 1992 bygde dei løa (som er ein del av dette gamle rekkjetunet) om til serveringsstad med plass til ca. 25 personar.
 Arkitekt Helge Hjertholm var med i heile prosessen og skal ha stor del av æra for at verksemda i 1993 blei tildelt «Olavsrosa». 
Turistverksemda blei raskt ein suksess og då foreldra mine i år 2000 flytta eit gamalt vestlandshus (bygd 1871) frå Rosendal opp på garden, laga dei utleigerom i andre etasje med servering av frukost i eine stova (Bed & Breakfast-prinsippet). Totalt hadde dei då ca. 25 gjestesenger.
 Mor mi serverte frukostkorg levert i hytta på bestilling. Ho stod opp lenge før gjestene og kunne dermed servera nybaka brød, nysteikte mjølkekaker, heimelaga syltetøy osv. 
Frukostkorgene blei legendariske og eit stort oppslag i Bergens Tidende i 1992 gjorde sitt til at folk framleis spør etter dei. Serveringsstova blei laga med tanke på lunsjservering men etterspørsel etter middagsservering førde til mange store middagar (kombinert med overnatting og møte) for verksemder både lokalt og nasjonalt. 
Når no galleriet flyttar til tunet opnar det seg enda nye moglegheiter!