Loading Events

« Alle hendingane

  • Denne hendinga er over.

Ingrid og Åsmund Haukelidsæter – grafikk

19. mars 2016 - 7. mai 2016

Ope laurdag kl. 11 – 16 (også påskeafta)
Også ope palmesøndag (20. mars) kl. 11 – 16.


Ingrid utstilling 2016INGRID HAUKELIDSÆTER

Fødd i 1968. Bur i Stavanger.
Utdanna ved Kunsthøgskolen i Rogaland, 1990-92 og Villa Arson Nice, L`ecole International d`Arte et Recherche, 1990.
Like før jul opplevde ho ei heilt utseld utstilling i Stavanger. Alle maleri og all grafikk!
Det betyr at på utstillinga i Guddal får vi sjå heilt nye og ferske bilde.
I 2015 deltok ho også på ei vandreutstilling i Brasil saman med mellom anna Ørnulf Opdahl, Inger Sitter, Kjell Nupen, Per Kleiva og Bjarne Melgaard.
Haukelidsæter er oppteken av bevegelse og brukar sine erfaringar frå dans i si kunstneriske uttrykksform.
I 2009 ble ho innkjøpt av regjeringa sin representasjonsbolig.
Ho har gjort ei rekkje utsmykkingsoppdrag i offentlege bygg og for private bedrifter.


 

ÅÅsmund 1SMUND HAUKELIDSÆTER

Fødd 1964. Bur i Stavanger.

Biletkunstnaren Åsmund Haukelidsæter lagar tresnitt. Tidligere var fokuset på litografi, både som utøvande kunstnar, lærar og verksmeister. Ein periode underviste han ved litoavdelinga på Statens Kunstakademi i Oslo. Deretter arbeidde han som verksmeister ved Grafisk Verksted Stavanger, der han assisterte andre kunstnarar med å trykkja litografi frå 1990 til 2009.

Etter kvart overtok tresnittet all merksemd, og han utviklar stadig nye tilnærmingsmåter til denne grafiske uttrykksforma.

Oppveksten i Dalen, Telemark og hans nære forhold til naturen pregar den intuitive arbeidsmetoden.
Musikk har også vore ei gjennomgåande inspirasjonskjelde for Åsmund Haukelidsæter.
I samband med 25-års jubileet til Maijazz i Stavanger, blei han utfordra til å tolka det legendariske albumet «Dansere» av Jan Garbarek til festivalutstillinga på Galleri Sult.

Informasjon

Start:
19. mars 2016
Slutt:
7. mai 2016
Hendingskategori:

Stad

Stad utan namn
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
Tlf.:
95 78 63 22