Loading Events

« Alle hendingane

MAGNE FURUHOLMEN – måleri, grafikk og skulptur.

1 juli - 20 august

MAGNE FURUHOLMEN

Magne Furuholmen er aktør på ei rekkje kulturelle arenaer, med breid internasjonal erfaring både som musikar og som bildekunstnar. Gjennom 30 år i bandet a-ha har Furuholmen vore med på å setja Norge sitt suverent største fotavtrykk i den internasjonale musikkbransjen.

 

Foto: Tom Kolstad

Foto: Tom Kolstad

Han debuterte som bildekunstar i 1989, og har sidan halde eit høgt tempo med verk utstilt i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Neue Nationalgalerie i Berlin, Mac-Niteroi Brazil, Royal Academy i London, og Central Academy for Fine Arts i Beijing, for å nevna nokre.

Som bildekunstnar arbeider Furuholmen på kryss og tvers av mediar og teknikkar, men har særleg utmerka seg som grafikar og i dei senare år som skulptør.

I 2016 blei Furuholmen sitt til no største oppdrag; Imprints, ein skulpturpark med 70 tonn keramiske skulpturar offisielt opna i Aker-kvartalet på Fornebu. Fjoråret markerte også eit større kunstnerisk samarbeid med HM Dronning Sonja, med utstillingar i Bergen, Trondheim og London, til inntekt for QSPA – The Queen Sonja Print Award.

Furuholmen blei tildelt prisen for ‘Beste grafiske arbeid’ ved Høstutstillingen i 1996. Verka hans er innkjøpte av Norsk Kulturråd og representert ved ei rekkje offentlege og private institusjonar, inkludert Bibliotheke National de France, og Kupferstichkabinett Staatliche Museen zu Berlin.

Furuholmen er styreleiar for Festspillene i Bergen, og har aktive styreverv i HM Dronning Sonjas internasjonale grafikk-stiftelse, QSPA, samt i Snøhetta Design. Han har tidlegare vore styreleiar for Norske Grafikere, og blei i 2012 tildelt St. Olavs Orden, ridder av 1. klasse, for sin innsats for norsk kultur.

Informasjon

Start:
1 juli
Slutt:
20 august
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart