Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sigrid Øyrehagen og Tom Gundersen – maleri og grafikk

23. mai 2015 - 28. juni 2015

Ope alle dagar kl. 11 – 16.


SIGRID ØYREHAGEN – maleri.Øyrehagen 2015
Kunstnaren er frå Uskedalen, Kvinnherad, men no busett i Drammen.

Galleriet har i fleire år seldt grafikk av Sigrid Øyrehagen.
Men endeleg blir det ei stor maleriutstilling!
Det blir mange landskapsmotiv. Dei fleste er frå Kvinnherad (m.a. Baroniet Rosendal) som aldri sluttar å inspirera henne. Ho er oppteken av skjønnhet, erfaring og meining.
Gle dykk!

http://www.oyrehagen.no/

 


TOM GUNDERSEN – grafikkMetalltrykk 2015
Ein serie metalltrykk

Denne grafikkserien er basert på Gundersen sine eigne croquis-teikningar. Croquis tyder skisse, og her handlar det om raske skisser etter modell, med stillingar som ikkje varer meir enn 2-3 minutt.
Metalltrykk er beteikninga Rolf Nesch brukte om den særeigne grafikkteknikken han utvikla.
På ei plate av sink loddar ein metalltråd, flogenetting, perforerte metallplater og anna. Sverta blir lagt på med penslar og valsar.
Denne teknikken kombinerar Gundersen med andre grafiske teknikkar som tresnitt, etsing og koldnål.

Trykka er ikkje i opplag. Det er fordi han ynskjer å vera fri til å kunna endra fargar, ta bort former eller leggje til nye. I utgangspunktet trykkjer han 15 relativt like trykk av eit motiv. Etter behov trykkjer han nye eksemplar, men ofte då med andre fargar. Han set ei grense ved 75 eksemplar av same motiv.

Hvorfor kan man ikke tegne med ståltråd? spurde Nesch ein gong.

Gundersen har i denne serien teikna sine croquisar på nytt ved hjelp av ståltråd, netting og metallplater.
http://www.tomgundersen.no/

Detaljar:

Start:
23. mai 2015
Slutt:
28. juni 2015
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22