Loading Events

« Alle hendingane

Stine Eide – Bilde

5 november - 17 desember

Stine Eide

Stine Eide er ein norsk biletkunstnar som arbeidar med nyskapande blyantteikning under namnet Pencil Pieces by Stine Eide. Stine er medlem av Tegnerforbundet og Norske Billedkunstnere, og har utdanning i kunst og design frå Voss, Bergen, Queensland og London.

Tidlegare har ho stilt ut fleire stadar i Noreg, mellom anna på Tjuvholmen i Oslo, og i 2016 etablerte ho seg på heimstaden Voss, med eige galleri og atelier. Med sin karakteristiske strek har ho tidlegare gjort suksess med seriane “Naturkollisjon” og “How to be Human” som tar opp aktuelle tema som samtidskultur og feminisme, alt med eit humoristisk skråblikk.

No tar Stine ein tur inn i det nostalgiske hjørne, og utforskar den enorme teknologiske utviklinga som har funne stad dei siste tiåra. I den nye serien som vert vist fram for aller første gong i Galleri G Guddal, avslørar ho korleis mixmasteren vart funne opp, korleis 80-tals sveisen oppstod og korleis ein tok “selfies” på 70-talet. Dette er biletserien som illustrerer den utenkeleg lange og ufatteleg korte reisa frå telefonkiosken til smarttelefonen.

www.stineeide.com

Informasjon

Start:
5 november
Slutt:
17 desember
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart