Guddalstunet er tildelt Olavsrosa

Guddalstunet er tildelt ”Olavsrosa” av Norsk Kulturarv.

Guddalstunet er tildelt Olavsrosa – kvalitetsmerket til Norsk Kulturarv
Rosa blir tildelt produkt av høg kvalitet som har grunnlag i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt etter ei streng vurdering. Vurderinga legg vekt på produktet sin kulturhistoriske verdi, korleis denne er teken vare på, og korleis produktet er gjort tilgjengeleg.

Andre produkt på Norsk Kulturarv sin meny her i nærleiken inkluderer:

  • Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
  • Agatunet
  • Hardanger Fartøyvernsenter
  • Herandsholmen
  • Hardanger Gjestegard
  • Nestunet

Meir informasjon på: www.olavsrosa.no