Ope alle dagar kl. 11 – 16.
Inne i galleriet blir det stort sett maleri. Fargesterke, nokre med tekst.
Det fargerike vedaladet som står ved inngangen til Guddalstunet og galleriet i Guddal er laga av Bodil Friele og var med på den forrige utstillinga kunstnaren hadde i Galleri G Guddal i 2014. «Natur og kultur».
I sitt nyaste prosjekt går Friele sterkare til verks og strippar eit heilt lite skogholt for greiner og kratt slik at det som står igjen er nakne stammer av gran midt i skogen. Dei ranke stammene blir farga turkis med eit hjarte av raud eføy midt mellom trea. På denne måten endrar ho naturen til eit abstrakt maleri.
Nettopp det at ho med utgangspunkt i det naturlege skapar ein abstraksjon er ganske sentralt i måten Friele har valgt å arbeida med trevirke på. I tidligare seriar har ho snitta opp trestammer, laga mikado av hesjestaur og brent tatoveringar inn i tre. Prosjektet med å fargeleggja skogen er sånn sett ei forlenging av eit langsiktig kunstnerisk prosjekt som handlar om vekst og fall og om naturen sin forgjengelegheit, der bruken av fargar får oss til å stoppa opp og merka oss verket. Må sjåas!
Malene Dekke Eik fødd og oppvaksen i Rosendal. Ho jobbar under kunstnarnamnet Von Dieche, og har si kunstutdanning frå RMIT University i Melbourne, Australia.
I utstillinga syner ho fram arbeid frå den nye serien Fragmenter. Den utforskar forholdet mellom kunst i gallerirommet og gatekunst. Utforskinga mellom desse to stadene er realisert gjennom serieprosessar ved hjelp av tradisjonelle oljemaleriteknikkar, spray maling, skulptur og fotografering.
Bileta hennar er basert på realistiske portrett og figurative oljemaleri kombinert med skulptur. Skulpturelementet av kunstverket er laga av gips og etterliknar strukturen av murstein, som ofte blir funne i bakgrunnen av gatekunst.
Nettside: https://vondieche.com
Instagram : https://www.instagram.com/vondieche/