ELISA OG IDA HELLAND-HANSEN – keramikk, bilde og tekstil
7. november – 23. desember 2020
Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Keramikaren frå Bergen med heile verda som arbeidsplass.
Som flytta til Seimsfoss og Kvinnherad og har laga seg ein fantastisk verkstad og base her.
Forrige utstilling i galleriet var i 2013 (Rosendal sentrum).
Som aktiv keramikar i over 40 år har ho heile tida vore oppteken av å foredla den funksjonelle bruksgjenstanden. Denne forkjærleiken for dei nære keramiske ting som blir teke i bruk på kjøkken og bord er sjølve drivkrafta i arbeidet. Med utgangspunkt i dreiehandverket søkjer ho å finna sitt eige uttrykk i balansen mellom formuttrykk, glasurbruk og taktile kvalitetar.
Dei første 20 åra av hennar praksis dreiv ho utelukkande med vedfyrt keramikk.
Sidan etableringa av ny verkstad på Seimsfoss i 2012 er gassbrenning blitt hovudfyringsmetode sjølv om ho nyttar eit kvart høve til å vedbrenna hos kollegaer.
Instagram: @elisahellandhansen
Kunstnaren arbeidar med biletkomposisjon.
Utgangspunktet var tekstil. Ho blir fascinert av ornament, gjentakingar, rytmar som blir brotne. I hovudsak har hennar teknikk vore collage av tynne papirkvalitetar på bomullslerret, der ho laminerar papir til tekstil for å kunna arbeida i store format.
Papiret sin eigen storleiksavgrensing blir broten. Den ujamne, tilsynelatande skjøre flata tiltalar henne, fortel si eiga historie. Ho arbeidar lag på lag, prøver å henta fram noko ,skjula noko anna. Litt som ei arkeologisk utgraving.
Nokre gonger arbeidar ho rett på vegg.
Som med ei utsmykking ho hadde i Strandebarm menighetshus der dei gamle salmebøkene frå kyrkja blei brukt. Dei var skifta ut med nye.
I seinare tid har ho også arbeidd med linoleum. Ho byggjer opp ein slags intarsia. Nokre gonger skjer ho linjer og mønstre i overflata.
Ei større utsmykking til Kleivane Barnehage i Sandnes stod ferdig våren 2018.
I januar 2020 monterar ho ei utsmykking i Ulvik Omsorgstun.