Loading Events

« Alle hendingane

ELISA HELLAND-HANSEN – keramikk, IDA C HELLAND-HANSEN – tekstil m.m.

7 november - 23 desember 2020

ELISA HELLAND-HANSEN – keramikk
IDA C HELLAND-HANSEN – tekstil m.m.
7. november – 23. desember 2020
Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.

 

Elisa Helland Hansen

Keramikaren frå Bergen med heile verda som arbeidsplass.
Som flytta til Seimsfoss og Kvinnherad og har laga seg ein fantastisk verkstad og base her.
Forrige utstilling i galleriet var i 2013 (Rosendal sentrum).

Som aktiv keramikar i over 40 år har ho heile tida vore oppteken av å foredla den funksjonelle bruksgjenstanden. Denne forkjærleiken for dei nære keramiske ting som blir teke i bruk på kjøkken og bord er sjølve drivkrafta i arbeidet. Med utgangspunkt i dreiehandverket søkjer ho å finna sitt eige uttrykk i balansen mellom formuttrykk, glasurbruk og taktile kvalitetar.

Dei første 20 åra av hennar praksis dreiv ho utelukkande med vedfyrt keramikk.

Sidan etableringa av ny verkstad på Seimsfoss i 2012 er gassbrenning blitt hovudfyringsmetode sjølv om ho nyttar eit kvart høve til å vedbrenna hos kollegaer.

  • Utdanna ved Bergens Kunsthåndverkskole 1975-78.
  • Aktiv utstillar både nasjonalt og internasjonalt.
  • Representert ved alle kunstindustrimusea i Norge, Norsk Kulturråd, Riksgalleriet, Röhsska Museet i Gøteborg og Statens Konstråd (Sverige).
  • Motteke Statens garantiinntekt fra 1999 fram til pensjonsalder i 2017.
  • Undervist i funksjon og glasurkjemi ved Kunsthøgskolen i Bergen fra 1983-2000.
  • Professor i keramikk på Högskolan för design och konsthanverk ved Gøteborg Universitet frå 2000-2005.
  • Halde kurs og workshops i Danmark og USA og vore gjesteartist ved amerikanske universitet.
  • Gjesteforelesar i Sverige, Danmark, Tyskland, Australia, California, Iowa, Utah, Wisconsin, Arizona, Colorado, North Carolina og New York.

www.elisahh.no

Instagram: @elisahellandhansen

IDA C HELLAND-HANSEN

Kunstnaren arbeidar med biletkomposisjon.

Utgangspunktet var tekstil. Ho blir fascinert av ornament, gjentakingar, rytmar som blir brotne. I hovudsak har hennar teknikk vore collage av tynne papirkvalitetar på bomullslerret, der ho laminerar papir til tekstil for å kunna arbeida i store format.

Papiret sin eigen storleiksavgrensing blir broten. Den ujamne, tilsynelatande skjøre flata tiltalar henne, fortel si eiga historie. Ho arbeidar lag på lag, prøver å henta fram noko ,skjula noko anna. Litt som ei arkeologisk utgraving.

Nokre gonger arbeidar ho rett på vegg.
Som med ei utsmykking ho hadde i Strandebarm menighetshus der dei gamle salmebøkene frå kyrkja blei brukt. Dei var skifta ut med nye.
I seinare tid har ho også arbeidd med linoleum. Ho byggjer opp ein slags intarsia. Nokre gonger skjer ho linjer og mønstre i overflata.
Ei større utsmykking til Kleivane Barnehage i Sandnes stod ferdig våren 2018.
I januar 2020 monterar ho ei utsmykking i Ulvik Omsorgstun.

  • Utdannet ved SHKD, Bergen 1989.
  • Har gjennom åra hatt mange separatutstillingar, m.a. fleire i Kunstnerforbundet, Oslo og Galleri Langegården, Bergen.
  • Har delteke i ei mengd kollektive utstillingar i inn- og utland, m.a. Høstutstillingen, Årsutstillingen Norsk Kunsthåndverk, Kode Bergen, HV Atelje, Stockholm, Marmara University, Istanbul.
  • Innkjøpt av alle dei norske Kunstindustrimusea, Norsk Kulturråd, Dronning Sonja og Statsministerens Kontor.
  • Har hatt mange utsmykkingar, m.a. Troll Oljeplattform, Haukeland sykehus, Strandebarm Menighetshus, Kleivane Barnehage, Sandnes, og sist Ulvik Omsorgstun.
  • Har motteke Statens Garantiinntekt siden 2011.

www.idahellandhansen.no

 

 

Informasjon

Start:
7 november
Slutt:
23 desember
Hendingskategori:

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22