Leif Hedman sine skulpturar vil innta Stallen i tunet gjennom heile sesongen.
I november og desember 2018 kunne vi i det vesle rommet i dette steinhuset sjå ein skulptur som var laga spesielt for dette.
Frå påske 2019 vil Hedman visa frittståande skulpturar i metall som også vil vera for sal.
Utstillinga vil dermed bli skifta ut gjennom sommaren og ein kan sjå litt av breidda av det kunstnaren jobbar med.
Leif Hedman er sørlendingen som har busett seg på Fitjar.
Utdanna smed og med master frå Kunsthøgskolen i Oslo.
Han har tidlegare jobba med tre men jobbar no stort sett kun med metall.
Gjerne gjenbruk av skrapmetall.