Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Gabriels Novgorod 17. april kl. 15.00

17 april | 15:00 - 16:30

Gabriels NOVGOROD
Torsdag 17. april kl. 15.00.
Billett kr. 390,- kan bestillas på tlf 95786322

Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker. Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste… Gabriels Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, svensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!»

Gabriels Novgorod er Gabriel Fliflet (trekkspill, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song). På konsert med Gabriels Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle, russiske valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn), Evert Taube og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk. Etnisk populærmusikk frå Østersjøområdet frå 1930-, 40-, 50- og -60-talet!

Gabriels Novgorod blei danna i 2003, og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Oslo World, NattJazz, Førdefestivalen, VossaJazz og Balkanfest. Gabriel Fliflet er oppvaksen omgjeven av songar på svensk, finsk, norsk, tysk og andre språk. Han blei kåra til Årets folkemusiker 2011. Mange kjenner han frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, som sidan 1991 har begeistra både kritikarar og publikum. I denne samanhengen auser han av sin m. a. kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland.

David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spelt saman frå dei var små. Best kjent er dei frå gruppa Real Ones, eit av landets mest lovprisa band, som fikk Bylarmprisen 2007, Spelemannsprisen 2009 og 2013. Jørgen fekk også Spelemannsprisen for si soloplate i 2018.

Prisbeløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet m.a. i hans og Jon Fosses verk Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflets bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria og hans prosjekt Sanger fra byen og Sevje.En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)

«Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)

“Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har  vore ute i minst tre tiår. men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
Fra leserinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk

Detaljar:

Dato
17 april
Tid:
15:00 - 16:30
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22