H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.
Ope alle dagar kl. 11 – 16
H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan. Det starta med akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus.
I 2011 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling,
«Tre Reiser. Tre landskap», som ein m.a. kunne sjå i Baroniet Rosendal.
Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award.
Eit fond for unge utøvande kunstnarar som jobbar spesielt opp mot grafikk.
For å støtta opp om Queen Sonja Print Award har Dronninga samarbeidd med fleire anerkjende kunstnarar. I 2016 og 2017 laga Dronning Sonja og Magne Furuholmen ei utstillingsrekkje der mange av dei grafiske arbeida var fellesverk, der kunstnarane hadde samarbeidd i eitt og same bilde.