HÅKON GULLVÅG – maleri og grafikk
21. juli – 10. september
Ope alle dagar kl. 11 – 16 til og med 20. august.
Etterpå laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Gullvåg var den første utstillaren i dei nye lokala her i Guddal i 2014 og
det er sjølvsagt stas å få til ei ny utstilling med denne kunstnaren!
Håkon Gullvåg fødd i Trondheim 1959.
Han debuterte i Galleri Dobloug i Oslo i 1983, dette galleriet har vore hans faste galleri i Oslo sidan.
Deretter stor utstillingsaktivitet i Norge og internasjonalt gjennom meir enn 40 år.
Parallelt med dette har Gullvåg vunne ei rekkje konkurransar om kyrkjekunst og laga fleire store kyrkjeutsmykkingar, mellom anna Nidarosdomen med bispekåpe og alterskap, den lutherske kirke i Baptism Site Jordan, samt fleire Norske kyrkjer.
I tillegg har den frittståande serien «Den Bibelske Syklus» turnert ei rekkje katedralar og museum i Europa, Kina og Midtausten.
Gullvåg har fått mykje fokus på sine forsøk på å fornya portrettsjangeren gjennom sine leveringar av ei rekkje offentlege portrettoppdrag, eksempelvis Kong Harald V og Dronning Sonja, høyesterettsjustitiarius, Statsminister, forfattarar, skodespelarar, musikarar og fleire.
Internasjonalt stor utstillingsaktivitet i Kina. Gullvåg er mest sannsynleg den mest utstilte norske kunstnar nokonsinne med nesten 30 store utstillingar i Kina. Og også i Midtausten med fleire utstillingskonsept i fleire land.
Sentrale tema hos Gullvåg elles har vore motivkretsar knytt til eigne barndomserfaringar, samt dialog med kunsthistorien, parafrasar.
Gullvåg har også arbeidd mykje med litterære tema og gjort illustrasjonsprosjekt som til dømes Pan av Knut Hamsun, Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde med fleire.
Gullvåg er utnevnt til kommandør av St. Olavs orden, motteke Anders Jahres kulturpris og andre utmerkingar.
Han er representert i dei fleste offentlege museum i Norge inkl. Nasjonalmuseet, med store verk innlemma også i museum i Kina, Jordan og Polen med fleire.