Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Helga Skålnes 17. april – 7. september 2025

17 april | 11:00 - 7 september | 16:00

HELGA SKÅLNES – vev
17. april – 7. september 2025
Ope i galleriet si opningstid – sjå den enkelte utstilling.

Vev er i vinden som aldri før!
Og Helga Skålnes frå Åkra skal fylla Stallen (det vesle steinhuset i tunet) heile gallerisesongen.

Skålnes er tekstilhandverkar frå Åkra. Ho har ei masterutdanning frå Høgskulen i Telemark innan kunst og handverk og design, med vev som spesialfelt, og har arbeidd som lærar i grunnskulen i 26 år.

Ho vev biletuttrykk i flatvev, ofte med enkle, abstraherte motiv. Veven står i ein sterk tradisjon, der teknikk og mønster er arva frå kvinner før oss. I respekt for den arven prøver ho å vidareføra og fornya tradisjonen, ved å leita etter det vakre, lette og lyse, og ved å skapa små forteljingar. Ei utfordring har alltid vore å veva fram lyset, både gjennom teknikk og materialbruk.

 

Detaljar:

Start:
17 april | 11:00
Slutt:
7 september | 16:00
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22