Loading Events

« Alle hendingane

INGRI EGEBERG – maleri, teikning og grafikk

11 mai - 9 juni

11. mai – 9. juni 2019.
11. – 26. mai ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.
30. mai – 9. juni ope alle dagar kl. 11 – 16.

Ingri Egeberg er bildekunstnar og forfattar som bur og arbeidar i Bergen.
Atelier på Bontelabo i Bergen og på Ringsaker i Hedemark.

Egeberg har vore ein aktiv bildekunstnar, forfattar og illustratør sidan ho gjekk ut frå Kunsthøyskolen i Bergen i 1976. Ho har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag, gjeve  ut over 35 bøker og 2 teiknefilmar, delteke på kollektivutstillinger og hatt separatutstillingar over heile Norge og også i utlandet.  I dei siste åra har ho konsentrert seg om bildene og arbeidar innanfor eit breidt spekter av uttrykk. Den enkle streken er hennar  varemerke og er grunnlaget for resten av hennar arbeid; maleri, grafikk og meir utarbeida teikningar.

Menneske i dialog og bevegelse, på flyplasser, på scenen eller ståande med ein kaffikopp på atelieret, alt kan bli bilde.

Egeberg: «Et bilde skal være forelskelse, glede, forundring, gjerne sinne og energi og irritasjon. Hvis man skal leve med det bør det være fullt av hemmeligheter, et meditasjonsobjekt som kan gi deg noe nytt hver dag. Være så åpent og enkelt at du kan legge sjelen din inn i det, være så innfløkt at du leter og finner og aldri blir ferdig. Da blir bildet en kilde til evig glede.»

Sist vi såg separatutstilling med Egeberg sine bilde i Galleri G Guddal var i 2007.

http://www.ingriegeberg.no/

Informasjon

Start:
11 mai
Slutt:
9 juni
Hendingskategori:

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22