Hauge viser skulptur i stein ute i tunet og inne i Stallen gjennom heile jubileumssesongen.
Kunstnaren arbeidar som billedhoggar/skulptør i Sandviken, Bergen.
Han tok si hovudutdanning på Vestlandets Kunstakademi, (Kunsthøyskolen i Bergen, UIB) 1973 til 1977 på skulpturavdelingen under Bård Breivik.
Debututstilling på Galleri 1 i 1978, og etter det har han delteke på ei rekkje utstillingar i inn og utland. Han har også hatt ei rekkje separatutstillingar, m.a. som festivalutstillar under Filmfestivalen i Haugesund i 1996.
Hauge har hatt over 30 utsmykkingsoppdrag over heile landet. Utsmykkingane utanfor Regjeringskvartalet, og Tsunamiminnestaden på Huk er blant dei største. Seinast fullførde han utsmykking av tilkomstbygget til Nytt Øsfoldsykehus.
Han arbeidar i stort sett alle materialar, og mange uttrykksformer. Utanom det, har han hatt ei rekkje verv, konsulentoppdrag og undervisningserfaring.
Hauge hadde separatutstilling i Kunstgarasjen hausten 2021 og skal stilla ut på Hå Gamle Prestegård hausten 2023.
I år er skal han også laga minnestad over Florvågslaget 1194, Norgeshistoriens største sjøslag med verket Øksestavn.