Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Elin Gabrielsen – grafikk, Torstein Lund Eik – foto

2. november 2019 - 22. desember 2019

Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16

 

Elin Gabrielsen – grafikk

Utstillinga med Elin Gabrielsen blir i hovudsak tresnitt, men også ein ny serie silketrykk laga spesielt til denne utstillinga.

Tematisk kretsar ho i det figurative biletuttrykket, med fokus på landskap og dyreverda. Bileta blir til ved å nytta eigne eller approprierte fotografi, som tolkas , koblas og endras i prosessen mot ferdig arbeid. Utstillinga viser bilete laga fra 2013-2019. Her er det mogleg å sjå mange arbeid viste i ein heilskapleg samanheng. Gabrielsen har fordjupa seg i tresnittet sine moglegheiter, og likar motstanden i materialet, og det sterke grafiske uttrykket teknikken gjev.

Tresnitt vert skore i plata spegelvendt, og tradisjonelt vert det skore vekk det som skal bli hvitt ved hjelp av hoggjern. Unntaket finn vi i to bilete på utstillinga som heiter «Sommerkveld, luft, stille», der botnfargen er mørk, og motivet trykt i kvitt. Elin Gabrielsen har ein master frå Kunsthøgskolen i Bergen.

Ho har hatt separatutstilling i Galleri Norske Grafikere, delteke fleire gonger på Høstutstillingen, Vestlandsutstillingen og Østlandsutstillingen, samt mange gruppeutstillingar i Norge og utlandet. Ho bur og har sin kunstneriske produksjon hos Tou Trykk i Stavanger

http://elingabrielsen.no/

Torstein Lund Eik – foto

I eit av galleriromma vil fotograf Torstein Lund Eik, Dimmelsvik/Omvikdalen, stilla ut ei blanding av portrett av sauer og abstrakte dronefotografi.

Torstein fotograferar med drone som hovudverktøy. Her tek han for seg samspelet mellom menneska og naturen, med eit særleg fokus på kva slags avtrykk vi menneske etterlet oss i naturen. Til utstillinga vil han stilla ut verk frå tre ulike seriar; “Regulert”, “148 m.o.h” og “Om 100 år er allting gløymt”. “Regulert” tek for seg regulerte vassdrag medan “148 m.o.h” er eit portrett av Jonsvatnet utanfor Trondheim. Serien “Om 100 år er allting gløymt” fokuserar på effekten isbreen Folgefonna har på det omkringliggande landskapet.

Mange ser på sauen som eit lite intelligent flokkdyr, men har ein hatt noko med sauer å gjera veit ein at det er så langt frå sanninga som det går an å koma. Det er eit intelligent dyr som absolutt har personlegdom. I prosjektet “Baby Don’t Herd Me” ønskjer Torstein å formidla personlegdomen til sauene. Slik har du truleg ikkje sett sauen før. Torstein er utdanna frå Norsk Fotofagskole i Trondheim.

I 2018 var han ein av ti finalistar i magasinet Fotografi sin portfoliokonkurranse og i 2019 vann han ”Fotografenes Pris” under cyanFolio

 


 

Detaljar:

Start:
2. november 2019
Slutt:
22. desember 2019
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22