Loading Events

« Alle hendingane

Teikneserieutstilling 2. september – 2. oktober 2022

2 september - 2 oktober 2022

TEIKNESERIEUTSTILLING 2. september – 2. oktober 2022

Utstillingsopning og seminar fredag 2. september kl. 19.00 – 22.00.
Etterpå er utstillinga open laurdag og søndag kl. 11 – 16.

SINDRE W. GOKSØYR
LENE ASK
JENS K. STYVE
THERESE G. EIDE

Det er første gong galleriet set fokus på teikneseriar.
Teikneserieskaparar er ofte fullt kunstutdanna og jobbar også med kunst og illustrasjonar.
Vi ynskjer å presentera denne, for nokre litt hemmelege verda, og lagar til seminar i samband med utstillingsopninga fredag 2. september.
Programansvarlege for seminaret er ASBJØRN SLETTEMARK (freelance) og ERLE MARIE SØRHEIM (Aftenposten).
Journalistar med god peiling på teikneseriegenren.
Sørheim har også gjeve ut boka «Karikaturenes historie – fra hulemalerier til Charlie Hebdo».
Foredrag/bokbad osv.
Alle utstillarane vil delta.
Gode samtalepartnarar og konsulentar for både utstilling og seminar er Fredrik Rysjedal og forlaget No Comprendo Press.

SINDRE W. GOKSØYR
Sindre Goksøyr jobbar som bildekunstnar, teikneserieskapar og illustratør, og er med i kolllektivet Dongery.
I 2011 gav No Comprendo Press ut albumet Hrmf! som vann Sproingprisen for Årets beste tegneserie.
For tida er hovedprosjektet å jobba med teiknerieboka Pfft!
Goksøyr vil på utstillinga visa både bilde og skulptur.

http://www.sindregoksoyr.no/

Sindre W. Goksøyr

LENE ASK
Lene Ask er teikneserieskapar, illustratør og forfattar.
Ho er utdanna fotograf ved Kunsthøgskolen i Bergen, men har markert seg mest som teikneserieskapar og barne- og ungdomsbokforfattar.
På utstillinga vil ho visa arbeid mellom anna frå hennar siste teikneserie O bli hos meg.
I denne teikneserien har ho intervjua ti tidlegare misjonærbarn om korleis det var å veksa opp i skuggen av foreldra sine misjonskall.
Anmeldelse NRK 

Lene Ask

THERESE G. EIDE  (f. 1978)

Eide er  ein Bergensbasert bloggar og skribent – i teikneform.
Mest kjend er «Koronadagbøkene» som er basert på hennar serie «Intet nytt fra hjemmefronten» som ein frå 2022 kan sjå i nye versjonar i Aftenposten kvar dag.
Ein sjølvbiografisk teikneserie om livet som småbarnsmor.
http://hjemmefront.blogspot.com/

Therese G. Eide

JENS K. STYVE
Jens Kjartan Styve (f. 1972) er serieskaper, forfattar og illustratør. Sin første teikneserie fekk han på trykk allereie i 1989. Som forfattar har han gjeve ut to romanar – Eg, Ove Kvamme og Friedland.
Dunce er ein sjølvbiografisk serie med ein god dose løgn og bedrag. Hovudpersonen Jens K karrar seg fast i tilveret med alle pliktene og utfordringane som følgjer med vaksenlivet. Han driv eit lite webbyrå saman med torsken Børge, og er elles pappa til Gustav (9 år). Sentral i serien er også hunden Brego.

Serien har vunne ei rekkje konkurransar og prisar, deriblant Dagbladets seriekonkurranse (2016), Pondus-prisen (2017) og Sproing-prisen (2019). Som første stripeserie blei Dunce nominert til Årets Tegneserie under Oslo Comix Expo, med følgjande attest: “Stripeformatet er ingen enkel øvelse. Ofte rammes denne sjangeren av plumpe, enkle poenger, noe Jens K Styves Dunce – Lut og kaldt vatn er helt blottet for. JensK, Gustav, torskevennen og hunden Brego sørger for hipp kontorlandskap-komikk fusjonert med lunhet, sprelskhet og ettertenksomhet. Med stilsikker strek tar Dunce trender, generasjonskløftproblematikk og aktuelle samfunnsspørsmål på kornet, og det blir aldri klisjefylt. Jens K Styve byr på både humrehumor, gapskratthumor og filosofi på en gang. En fryd å lese!”

Serien går fast i Lunch-bladet, Pondus, Klassekampen og fleire norske aviser. Rettigheter for dei to Dunce-bøkene er seldt til Frankrike og alle spansktalande land, første bok i Frankrike vart utgjeven i mars 2021.

“Dunce er blitt en favoritt. Ferdig arbeid!” -Frode Øverli

https://www.jensk.net/

Jens K. Styve

 

 

 

Informasjon

Start:
2 september
Slutt:
2 oktober
Hendingskategori: