Magne Furuholmen – måleri, grafikk og skulptur
1.juli (opning kl. 13.00) – 20. august 2017
Ope alle dagar kl. 11 – 16.
Magne Furuholmen er aktør på ei rekkje kulturelle arenaer, med breid internasjonal erfaring både som musikar og som bildekunstnar. Gjennom 30 år i bandet a-ha har Furuholmen vore med på å setja Norge sitt suverent største fotavtrykk i den internasjonale musikkbransjen.
Han debuterte som bildekunstar i 1989, og har sidan halde eit høgt tempo med verk utstilt i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Neue Nationalgalerie i Berlin, Mac-Niteroi Brazil, Royal Academy i London, og Central Academy for Fine Arts i Beijing, for å nevna nokre.
Til utstilling