Om galleriet

Gøril Guddal starta Galleri G Guddal i 1993. Den første utstillinga i 1993 blei ein umiddelbar suksess med over 70 selde bilete.

Etter ein beskjeden start med berre nokre få kunstnarar har galleriet i dag ei butikkavdeling (kommisjonssal) med over 70 kunstnarar som faste leverandørar; bilete, skulptur, keramikk, glas, smykke, kunstbøker, tekstil osv. Alltid nokre nye kvart år medan andre kanskje avsluttar sitt virke. Nyhende og sirkulasjon, men fleire har faktisk følgt galleriet heilt frå dei første åra.

Å byggja opp ei kommisjonsavdeling for kunst er eit nitidig arbeid der ein må tenkja både ”børs og katedral”. Gjennom 20 år har galleriet  sett skiftande trendar og nødvendigheten av å fornya seg, men også sett at kvalitet aldri går av moten. Folk vil alltid vera på leit etter den tingen som ein vil ta med heim fordi det har treft noko i ein. Det kan vera ein kopp som er så skakk og skeiv at du veit den aldri kan kopieras eller den som er så vakker at du berre veit den må bli din.

I 2001 opna Folgefonntunellen og vegen til Odda og Tyssedal blei kort. Galleriet hadde i tre sommarsesongar avdeling ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Men etter som aktiviteten i Rosendal auka kraftig desse åra fall valet på å konsentrera seg om ein fysisk stad. I ein faghandel, som eit galleri verkeleg er, er det viktig å vera til stades med den kunnskapen ein etter kvart har tileigna seg.

Galleriet har dei seinare åra vist 6 – 7 utstillingar pr. år med noko av det beste innan norsk (og etterkvart også internasjonal) samtidskunst. Etter vel 20 år blir lista over kunstnarar svært lang men vi kan som døme nevna:

  • Kjell Nupen
  • 
Therese Nortvedt
  • Ørnulf Opdahl
  • Per Kleiva
  • Nina Sundbye
  • Bård Breivik
  • Ingri Egeberg
  • 
Camilla Prytz
  • Bjørg Nordli-Mathisen (Bjørg Design)
  • Kjell Erik
  • Killi Olsen
  • Nico Widerberg
  • 
Frans Widerberg
  • Wenche Øyen
  • 
Kristian Finborud
  • Yngve Henriksen
  • Bjørg Thorhallsdottir
  • Eva Harr
Iben Sandemose
  • 
Morten Krogvold
  • Knut Rumohr
  • 
Gabrielle Kielland
  • 
Kaare Espolin Johnson
  • Per Fronth
og mange fleire …

Galleriet har lagt vekt på å presentera både kjende nasjonale kunstnarar og lokale/regionale som er meir i startfasen.

Også internasjonale kunstnarar har hatt utstilling i galleriet. Planlegging av utstillingsprogram blir til med perspektiv på minst eit år fram i tid – ofte to eller tre år også. Galleriet  prøver å laga eit variert program som skal vekkja nysgjerrighet hos kundane. Eit program med ein kvalitet som kan lokka spanande kunstnarar til Rosendal samtidig som det gjev rom for nye uetablerte. Formidlingstanken er heile tida til stades.

Å jobba opp mot kunstnarar som kanskje bur delvis i utlandet, eller har ein svært travel kvardag, kan vera litt av ei utfordring reint praktisk. Og ikkje minst det om dei har tid til å koma til Rosendal på opninga av utstillinga. Men Kjell Erik Killi Olsen, Therese Nortvedt, Kjell Nupen, Nico Widerberg, Per Kleiva, Per Fronth  osv. har alle vore her – nokon opp til fleire gonger. Både for galleriet og for kundane er dette ganske vesentleg.