ARVID PETTERSEN – maleri
17. april – 1. juni 2025
Ope Skjærtorsdag – 2. påskedag kl. 11 – 16
Etter påske laurdag og søndag kl. 11 – 16
I tillegg 29. (Kristi Himmelfartsdag) og 30. mai kl. 11 – 16
Ei maihelg i 2024 gjekk Arvid Pettersen frå elev til elev rundt i heile tunet i Guddal.
Staffelia stod meir eller mindre ute i tre solfylte kursdagar og folk som skulle i galleriet trudde dei var komne til eit av middelhavslanda. Det var så vakkert! Det blir nytt malekurs med Pettersen i mai 2025 også.
Samarbeidet med kunstnaren er i gang og det er ei stor ære å ynskja Arvid Pettersen velkomen med sine eigne maleri i galleriet!
Pettersen (f. 1943) fekk tidleg ein sentral posisjon i nordisk kunst, og har hatt ei aktiv utstillingsverksemd i både inn- og utland. Fleire undervisningsperiodar ved norske kunstakademi har vore ein viktig impuls for hans eige arbeid.
Han er framleis professor ved Statens Kunstakademi og var rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo i 1996 – 99.
Pettersen starta kunstutdanninga si ved Bergen Kunsthåndverkskole og markerte seg tidleg på den lokale kunstscenen. Han debuterte på Vestlandsutstillingen i Bergen kunstforening og Høstutstillingen i Oslo i 1967. I 1970-åra markerte han seg mellom anna som del av kunstnargruppa LYN saman med kunstnarar som Bård Breivik og Svein Rønning.
Gjennom karrieren har han gjort mange utstillingar i dei nordiske landa og delteke på internasjonale mønstringar som Veneziabiennalen i 1976, ved Guggenheim museum, New York, i 1982 og Chinese European Art Center, Xiam, i 2001.
En kunstner må våge å ta spranget ut i fossen og forsøke å svømme til lands», er eit råd Pettersen ofte har gjeve sine kunststudentar. Uviljen mot å gjenta seg har vært ei viktig drivkraft gjennom hans i meir enn femti år som biletkunstnar.
Motiva spenner breidt, frå komplekse komposisjoner og urovekkjande naturscenar – til portrett av menneske som ikkje fins og møblar med personlegheit. Som ein raud tråd har han halde fast ved det tradisjonstunge maleriet. Klassiske sjangrar som landskap, portrett og stilleben blir teke opp til ny behandling, i eit formspråk som har veksla uanstrengt mellom det forestillande og det abstrakte. Nasjonalmuseet i Oslo eig elleve maleri av han.