EVA HARR – «Evig hymne» – Ei minneutstilling
Maleri og grafikk
7. juni – 6. juli 2025
«Min billedfortelling handler om et indre landskap i samtale med den ytre verden»
– Eva Harr
Eva Harr var den gode «fødselshjelparen» då galleriet starta opp i 1993.
Ho var til stades då spørsmålet om å driva galleri kom opp, ho hjelpte til med kontakt inn mot kunstnarane den første tida og ho og mannen var også konsulentar i flyttefasen til Guddal. Kunstnaren har hatt fleire utstillingar i Rosendal. Det er difor heilt naturleg å laga denne minneutstillinga i galleriet dette året.
Eva Harr (f.1951) gjekk bort i februar 2024, mens ho framleis var på høgda som biletkunstnar. Ho har etterlete seg eit eige biletunivers som alltid vil leva vidare, og i denne utstillinga vil vi løfta fram nokre høydepunkt frå hennar lange karrier som grafikar og malar. Ho begynte som grafikar på 70-tallet, med djuptrykk og litografi i svart-kvitt, men trekte seinare inn fargane og fekk sin personlege koloritt, som etter kvart blei svært karakteristisk for hennar biletspråk. På 90-tallet utvida ho også repertoaret med maleri, ofte i store format. Uavhengig av uttrykksform og koloritt, har bildene alltid vore prega av stillhet og refleksjon, undring og melankoli.
Forletne hus, utpostar og sjømerke har vore gjennomgåande element i hennar motivkrets, forutan dei lågmæla landskapa. Ho prøvde aldri å gjengje naturen slik den framstår, men snarare ein tilstand eller stemning. Slik betrakta ho landskapet og naturen nordpå som sitt symbolspråk.
«Bak disse bildene ligger det ved nærmere ettersyn et helt kompleks av til dels motstridende impulser. I hennes arbeider finner jeg en uvanlig kombinasjon av jordvendt fromhet, himmelvendt lykke og symbolvendt melankoli. Det kommer særlig til uttrykk i landskapene. Det er en kunstnerisk bragd at hun klarer å forene disse til helhetlige kunstverk», skreiv kunstsosiolog Dag Solhjell til ein av hennar utstillingskatalogar.
Det er lys i Eva Harrs bilder. Men lyset kommer ikke fra en klart definert kilde. Det er mer en understrøm av lys som finnes i alt, og som søker ut av bildet og inn til oss. Takk, Eva Harr, fordi du har gitt oss bilder som vi ikke bare ser på, men bilder som ser oss med lys, klarhet og erindring», skreiv forfattar, salmediktar og prest Eyvind Skeie i samband med hennar jubileumsutstilling i Galleri Briskeby, då ho blei 70 år i 2021.
«Det viktigste for meg er å skape en billedverden som argument for den sårbare naturens viktige plass i vår felles identifikasjon. Verden slik den er i dag preger de fleste av oss med uro. Det er derfor ikke til å unngå at også dette gir etterklang i mitt kunstnerskap. Jeg forsøker å uttrykke en stille reaksjon på en overdøvende klimatrussel, og samtidig fastholde ordet «hjemlengsel» som noe universelt i det å være menneske» – Eva Harr.