Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Håkon Bleken 20. juli – 8. september

20 juli | 13:00 - 8 september | 16:00

20. juli – 18. august: Alle dagar kl. 11 – 16
24. august – 8. september: Laurdag og søndag kl. 11 – 16

Eit halvt år etter sin 95-årsdag viser Håkon Bleken maleri, teikningar og grafikk i Galleri G Guddal. Landets største nolevande samtidskunstnar kviler ikkje sjølv om alderen er høg. Bleken er i skrivande stund i atelieret der han arbeider med maleri som skal til utstillinga i Galleri G Guddal sommaren 2024, der han også vil visa kol- og pastellteikningar og både eldre og heilt fersk grafikk.

Håkon Bleken har ei rekkje betydelege utsmykkingsoppgåver bak seg: Nidarosdomen, St. Olavs kirke, i Olavshallen i Trondheim, i Oslo Konserthus, Vålerenga kirke, Eidsvoll kirke og på Sentralstasjonen i Oslo.

Ved sida av å ha portrettert Kong Olav, heng også det offisielle signingsbildet av Kong Harald og Dronning Sonja i Stiftsgården i Trondheim, signert Bleken. Trondheimskunstnaren er representert i Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Samtidsmuseet, Universitetet i Oslo og Trondheim, Kistefos museum, diverse museum i utlandet som Nasjonalbiblioteket i Paris og Kiel Kunsthall.

Bleken har motteke ei rekkje prisar for sitt mangfaldige kunstnarskap: Morgenbladets pris, Trondhjem Bys kulturpris, Anders Jahres pris. Han er også utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden av kong Harald.

Portrett 2

Detaljar:

Start:
20 juli | 13:00
Slutt:
8 september | 16:00
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22