Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Stengt 1. påskedag.
Ekstra ope Kristi Himmelfartsdag (torsdag 14. mai) og fredag 15. mai kl. 11 – 16.
Helga Skålnes er tekstilhandverkar frå Åkra. Ho har ei masterutdanning frå Høgskulen i Telemark innan kunst og handverk og design, med vev som spesialfelt, og har arbeidd som lærar i grunnskulen i 26 år.
Ho vev biletuttrykk i flatvev, ofte med enkle, abstraherte motiv. Veven står i ein sterk tradisjon, der teknikk og mønster er arva frå kvinner før oss. I respekt for den arven prøver ho å vidareføra og fornya tradisjonen, ved å leita etter det vakre, lette og lyse, og ved å skapa små forteljingar.
Ei utfordring har alltid vore å veva fram lyset, både gjennom teknikk og materialbruk.
Forrige utstilling i galleriet var i 2008.