Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Yngve Henriksen – måleri

13. mai 2021 - 19. juni 2021

«Forandringer» – måleri
Ope aller dagar kl. 11 – 16.

Første gong vi fekk sjå Henriksen sine vakre måleri i galleriet var i 2006. Sidan i 2011.
Men altså no første gong i lokala i Guddal.  Kunstnaren bur og arbeider i Lofoten.

Her er han også fødd og oppvaksen. Livet og landskapet der er det viktigaste kjeldematerialet. Gjennom arbeida sine formidlar han tilstandsrapportar derifrå. Tittelen på utstillinga refererar til stemningar og overgangar som oppstår når lyset trekkjer seg tilbake.

Når landskapet lukkar seg og vert oppløyst oppstår det eit rom der ytre og indre tilstandar blir forent.
Han prøver å formidla fragment av slike tilstandar, der landskapet reflekterar ulike nyansar av vemod og lengsel, sorg og håp. Tilstandsrapportene handlar om mental stadtilhøyrigheit som følgje av den fysiske nærleiken til omgjevnadane.

Utstillinga omfattar måleri utført i tempera / olje på lerret frå dei siste to åra.
Henriksen har si kunstutdanning frå Statens Kunst- og håndverksskole i Bergen (1990) og har sidan vore ein aktiv utstillar i inn- og utland. Både offentlege og private utsmykkingsoppdrag samt innkjøpt av ei lang rekkje offentlege og private verksemder.

Yngve Henriksen

https://www.facebook.com/yngvehenriksenart/

 


 

Detaljar:

Start:
13. mai 2021
Slutt:
19. juni 2021
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22