Utstillingar i galleriet 2021

Vi har lagt bak oss eit år fullt av overraskingar og endringar i utstillingsprogram og andre ting. Difor gler vi oss til 2021 der vi endeleg kan få vist dei fine utstillingane som blei utsette frå i fjor – i tillegg til heilt nye.

Vi startar Skjærtorsdag med ope alle dagar resten av påsken. År for år har det kome fleire turistar til Rosendal lenger og lenger utover hausten. Difor lagar vi ei ekstra haustutstilling dette året med opning 28. august. Denne blir ståande heilt til 10. oktober. Førjulstida blir også annleis med eit eller fleire helgearrangement/popuputstillingar.

Vi lagar «Jul i Guddal» 25. – 28. november. Dette er under planlegging men kjem til å skje i samband med «Jul i Rosendal» som er laurdag 27. november. Mange tankar svirrar så følg med.

Så snart det er tilrådeleg utover hausten vil vi ha arrangement i lokalet oppe på låven.


1.april – 2. mai: GEIR NYMARK – bilde
https://www.facebook.com/Geir.Nymark.Grafikk
Kunstnaren frå Voss har hatt fleire utstillingar i galleriet. Dei vestnorske landskapsmotiva er også særs populære i grafikkavdelinga heile tida.

13. mai – 19. juni: YNGVE HENRIKSEN «Forandringer» – måleri
Første gong vi fekk sjå Henriksen sine vakre måleri i galleriet var i 2006. Seinare i 2011. Men altså no første gong i lokala i Guddal. Kunstnaren bur og arbeider i Lofoten. https://www.facebook.com/yngvehenriksenart/

3.juli – 22. august: BÅRD BREIVIK – skulptur.
Dette blir verkeleg ei stor og ærefull sak for galleriet! Ein brei presentasjon av kunstnaren med skulpturar både inne i galleriet og ute på tunet.

Salsutstilling.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Lene Midling-Jensen, Sune Nordgren, Lasse Berntzen og galleriet. Vener av kunstnaren vil halda konsert oppe på låven i samband med utstillingsopninga 3. juli.

 

28. august – 10. oktober: «FARGERIK HAUST»

SIMONE HOOYMANS – video og videobilde
https://www.simonehooymans.com/

Du kan sjå videokunsten hennar m.a. på det nye Deichman i Oslo. Hooymans er fødd i Nederland men bur i Ålvik, Hardanger. Natur, planter m.m.

ÅSE ANDA – grafikk. Frå Stavanger.
http://www.aaseanda.no
Også heilt ny kunstnar i galleriet. Fargerike kvadrat sett saman i serie.

INGRID HAUKELIDSÆTER – måleri.
Frå Stavanger. Abstrakte bilde med masse bevegelse.
https://www.facebook.com/Ingrid-Haukelids%C3%A6ter-Art-1204388149589959/

 

25. – 28. november: JUL I GUDDAL.
Under planlegging.

Published on: 28 januar 2021
Posted by: Galleri G Guddal