Flortynn gjennomskineleg porselen. Kjensla av noko eksotisk og uendeleg vakkert!
Dette er verkeleg ein av nestorane i norsk keramikk – gle dykk!
Arne Åse (f. 1940 i Gaular i Sogn og Fjordane) er ein av våre mest profilerte keramikarar og nyt stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt som kunstnar. Men også som lærar og for sine sterke meiningar om faget keramikk. Han var den første professor i keramikk i Norge og har alltid arbeidd for å heva den keramiske kunsten sin prestisje.
Åse utdanna seg ved Bergen Kunsthåndverkskole. Han blei tilsett som verkstadlærar på keramikklinja ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) i Oslo like etter fullført utdanning.
Takka vera Arne Åse kom det ein ny giv i keramikkutdanninga, og han hadde mykje av æra for at det oppstod eit fruktbart fagmiljø.
Åse sin første separatutstilling, i Forum 1968, var ei oppvising i ulike teknikkar, former og uttrykk.
Ved sida av eggeskalstynne bollar i gjennomskineleg porselen viste han som kontrast kraftige arbeid i grovt gods med tjukke, rennande glasurar. Arne Åse var den første verkstadkeramikaren i Norge som nytta porselen som materiale. På utstillinga viste han også fleire relieff, ein teknikk som han kom til å arbeida vidare med i m.a. offentlege utsmykkingar.
Åse har også utvikla ein teknikk som best kan kallas akvarellmaling på porselen. Karakteristisk nok har han skrive ei bok på engelsk om akvarellteknikken og slik gjort sine eksperiment tilgjengelege for fagfeller i inn- og utland. I dei seinere år har han perfeksjonert og forfina sine fat, bollar og veggbilde i porselen.
Åse er medlem av International Academy of Ceramics og mottok Jacobprisen i 1987.