Loading Events

« Alle hendingane

  • Denne hendinga er over.

Landa / Isaksen – Eit hav imellom

8 april - 21 mai

Solveig Landa og Eva Isaksen

8 april – 21 mai 2017. Ope laurdag og søndag (stengt 1. påskedag) kl. 11 – 16.

Utstillinga «Eit hav imellom» ved Galleri G Guddal er eit møte mellom to kunstnarar. Solveig Landa er opphaveleg frå Seimsfoss og bur i Stavanger, medan Eva Isaksen er frå Bodø og bur i Seattle. Solveig Landa og Eva Isaksen møttes då dei studerte kunst ved Montana State University i USA på 1980- tallet. Dei flytta til Seattle etter endte studiar og Isaksen etablerte seg som billedkunstnar der, medan Landa etter nokre år reiste attende til Norge.

Sjølv om det er eit hav imellom dei er kontakten hyppig og med mange likhetspunkt i utdanning, formspråk, bildeuttrykk og teknikk gjev dei kvarandre både kritikk, ros og veiledning. Havet imellom blir eit symbol både på den fysiske avstanden det skapar og korleis det samstundes forbind og skapar nær kontakt.

Bilde


Tida i Montana var viktig for begge og har sett spor i kunsten deira. Her opplevde dei ein ny og annleis natur enn i Norge, og det storslåtte prærielandskapet vart ein inspirasjon. Begge arbeider med tema som sirklar rundt mennesket sin plass i naturen. Skjørheten og sårbarheten mennesket kjenner i relasjon til naturen er viktig. Begge har dette som fokus og deler interesse for forenkling og abstraksjon av det dei er omgjevne av til daglig.
Og alltid med naturen som inspirasjon.

Invitasjonen om utstilling frå Galleri G Guddal gjer at for første gong kan dei to samarbeida om ei utstilling og på den måten forsterka og utvikla sine kunstnarskap.
Til utstillinga vil begge kunstnarane visa arbeid på papir. Landa lagar grafikk, ofte monotrykk og foto i kombinasjon. Isaksen sine arbeid vil bestå av teikning og collage. Ho nyttar ofte handlaga papir i collagane sine.

Solveig Landa bur og arbeidar i Stavanger. Ho har atelier ved Atelierhuset Tou Scene og er aktiv i kunstmiljøet i byen. Utdanninga har ho frå Montana State University og University of Washington i USA. Landa arbeider med grafikk og skulptur og er verksmester på Grafisk Verksted i Stavanger i tillegg til at ho underviser i grafikk. Landa deltek jevnleg på utstillingar i inn- og utland og er innkjøpt til offentlige bygg.

Eva Isaksen har sitt kunstneriske virke i Seattle. Utdanninga har ho frå University of South Dakota og Montana State University. Ho har i ei årrekkje stilt ut sine bilde både i Norge og USA. Isaksen sine arbeid er å finna i både offentlege og private samlingar i begge land.

I Seattle er ho aktiv i kunstmiljøet og er involvert i blant anna Seattle Print Arts.
Eva Isaksen er tildelt eit Artist in Residency opphald i Messen i Ålvik i Hardanger. Dette vil nok også setja sitt preg på det ho kjem til å visa i Guddal.

www.solveiglanda.com
www.evaisaksen.com

 

Informasjon

Start:
8 april
Slutt:
21 mai
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Ymse

Opningstider
Laurdag og søndag (stengt 1. påskedag) kl. 11 – 16.

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart