Ope alle dagar kl. 11 – 16
«Natura Arte» er tittelen på Lasse Berntzen sin komande separatutstilling.
Her viser han sitt store engasjement for den uerstattelege naturen og det sårbare dyrelivet – som no er trua frå alle kantar.
Han malar akvarellar i store format, og lar seg ofte inspirera av den vakre og dramatiske naturen i Kvinnherad. For dette er eit område som han er spesielt knytta til – heilt frå barnsbein av.
Lasse Berntzen er fødd i Bergen i 1954, og er masterutdanna bildekunstnar og designar frå Vestlandets Kunstakademi og Kunsthøgskolen/Universitetet i Bergen. Han har mellom anna bakgrunn som førsteamanuensis/Associate Professor i designteori ved Universitetet i Bergen, som designsjef i Festspillene i Bergen, og som dagleg leiar i det fleirfaglege arkitektur og designstudioet Fuggibaggi as i Bergen.
Berntzen har hatt separatutstillingar i Bergen kunstforening/Bergen Kunsthall, i Galleri Norske Grafikere og Galleri Tegnerforbundet i Oslo, og i mange kunstforeningar i norske byar. Hans forrige utstilling var i Galleri Langegården i Bergen i 2021.
Kunstnaren har delteke på ei lang rekkje kollektive utstillingar i inn og utland, mellom anna Statens Høstutstilling – fleire år på rad. Han er offentleg innkjøpt av mellom anna Norsk kulturråd og Justisdepartementet, og har utført fleire store offentlege utsmykkingsoppdrag på for eksempel Nedre Korskirkeallmenning, i Vågsbunnen, i Kong Oscars gate i Bergen og på fleire andre stader i Norge.
Lasse Berntzen er medlem av Norske Billedkunstnere og Norske Grafikere og er konsulent for offentleg norsk kunstnerisk utsmykking, Koro. Etter mange år med hovudvekt på tangerande kunstnerisk arbeid innafor design, arkitektur og undervisning har han, i dei seinare åra, komme tilbake til sitt utgangspunkt – bildekunsten.