Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Karin Augusta Nogva og Bent Erik Myrvold
9. mai – 9. juni

9 mai | 13:00 - 9 juni | 16:00

«Lokale krefter og inspirasjon frå Japonismen»

Karin Augusta Nogva – grafikk og tekstil
Bent Erik Myrvoll – maleri

Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16
I tillegg torsdag 9., fredag 10. mai og mandag 20. mai kl. 11 – 16


Nogva & Myrvoll

Karin Augusta Nogva og Bent Erik Myrvoll har begge ein stor lidenskap for handverket, og jobbar med ein nærleik til tema innan natur, biologi og økosystem. Dei har begge eit brennande tematisk engasjement for naturen og verdien av dette i kunsten sin.

De siste åra har ein auka bevisstheit rundt det lokale gjort seg aktuell, både med tanke på naturresursar og naturverdiar. Det har inspirert kunstnarduoen til å arbeida saman, som kvar for seg er kjend for å vera politisk aktiv i sin kunst innan billedkunst og performance. Nogva med den performative menneskefuglen «Fuglevokteren» og Bent Erik med det mobile prosjektet «Norsk Kuntsambulanse».

På Galleri G Guddal vil NOGVA/ MYRVOLL skapa ei utstilling med fokus på visuell forteljing med handverk og material. Nogva stiller ut tekstilar og grafikk inspirert av japansk kunst og kultur, og Myrvoll vil visa monumentale abstraherte maleri der fargen er henta ut frå fargeklangen som fins i naturen.

Det er duka for eit møte mellom kunstnarane og lokale råvarer i Rosendal.

Nogva har si utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen (MA 2006) og Edinburgh College of Art (2000), Myrvoll frå konst-akademiet i Stockholm, under spesialfeltet; kalkbaserte teknikkar, secco- og freskomaleri, stuccolusstro, samt restaurerings-teknikkar på muralmaleri.

Ole Torp vil intervjua kunstnarane under opninga 9. mai kl. 13.00.

 

Detaljar:

Start:
9 mai | 13:00
Slutt:
9 juni | 16:00
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22