STINE EIDE – teikning og
KJELL MUSLAND – skulptur i tre.

Søndag 5. november kl. 13.00 opnar Stine Eide og Kjell Musland utstilling i Galleri G Guddal
Utstillinga står til 17. desember. Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.

BLYANTEN SLÅR TILBAKE!

Det er handverk på høgt plan og blyantkunst du sjeldan ser.  Kunstnaren STINE EIDE tek blyanten på største alvor og teiknar både tankevekkande, komiske og parodiske bilde i ein tidkrevjande, fotorealistisk strek. Den heilt særeigne teiknestilen gjer bilda både oppsiktsvekkande og gjenkjennelege – og ikkje minst imponerande.

Gå til utstilling

 


I underetasjen i galleriet ynskjer vi velkomen til KJELL MUSLAND sitt imponerade skulpturunivers.

Kjell Musland er fødd i Uskedalen men busett på Seimsfoss v/ Rosendal. Vi har sett skulpturane hans rundt omkring – både ute og inne. Den mest kjende er kanskje av Edvard Grieg som står ved Ullensvang Hotel. Skulptur til Trollplattforma, turlagspris for Kvinnherad Turlag fleire år og figurar laga på oppdrag til gåver osv.

Gå til utstilling

 

 

Published on: 26 oktober
Posted by: