Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Stine Eide – teikning og
Kjell Musland – skulptur i tre

5. november 2017 - 17. desember 2017

Søndag 5. november kl. 13.00 opnar Stine Eide og Kjell Musland utstilling i Galleri G Guddal


 

STINE EIDE

Den 5. november er Galleri G Guddal premieregalleri for hennar nye serie Siste skrik.
Serien syner på slåande vis den rivande teknologiske utviklinga som så sterkt har påverka samfunnet og oss alle. Men samstundes syner den også kor oppsiktsvekkjande kort tida mellom den teknologiske steinalder og notida faktisk er.

I overgangen frå telefonboksen til smarttelefonen ligg ei nærmast samfunnsomveltande utvikling, og likevel er sjølve tidsreisa kort.
I bilde av typen Umobil telefon, blir dette paradokset synt slåande fram, ved hjelp av humor og tidstypiske motiv og detaljar.

Når Stine Eide no, heilt bokstaveleg, krysser vår nostalgiske nære fortid med vår kjappe høgteknologiske notid, blir blyantkunsten i seg sjølv eit poeng. I denne forgjengelege tida, er det truleg blyanten som vil få det lengste livet. Dette gjev bileta ein tilleggsdimensjon. Den høgteknologiske tida går, den enkle manuelle blyanten består. Blyanten slår tilbake!

I tillegg til den nye serien, Siste skrik, syner Galleri G Guddal også Stine Eide sin serie Naturkollisjon. Den handlar om distansen mellom mennesket og naturen. Er det muleg å sjå og forstå verdien av natur når ein ikkje lenger er ein del av den? Kva skjer når det som eigentleg er naturstridig blir sett på som det naturlege? Serien er inspirert av Eide sitt studieopphald i London, og lengten attende til naturen på heimstaden Voss. Fellesnemnaren for utstillinga er såleis teknologi og teknikk. Mennesket sine urolege og skiftande teknologiske omgjevnadar, framstilt med kunstnaren sin tidlause blyantstrek.

http://www.stineeide.com

 

BLYANTEN SLÅR TILBAKE! Det er handverk på høgt plan og blyantkunst du sjeldan ser.
Kunstnaren STINE EIDE tek blyanten på største alvor og teiknar både tankevekkande, komiske og parodiske bilde i ein tidkrevjande, fotorealistisk strek. Den heilt særeigne teiknestilen gjer bilda både oppsiktsvekkande og gjenkjennelege – og ikkje minst
imponerande.

 


KJELL MUSLAND

I underetasjen i galleriet ynskjer vi velkomen til KJELL MUSLAND sitt imponerade skulpturunivers.

Kjell Musland er fødd i Uskedalen men busett på Seimsfoss v/ Rosendal. Vi har sett skulpturane hans rundt omkring – både ute og inne.
Den mest kjende er kanskje av Edvard Grieg som står ved Ullensvang Hotel. Skulptur til Trollplattforma, turlagspris for Kvinnherad Turlag fleire år og figurar laga på oppdrag til gåver osv.

Han skar sin første figur ,ein hest ,som han lånte av svigerfar og kopierte. Dette var i 1978. Det gav meirsmak og fleire figurar kom etter kvart.
Kniven blei hans store hobby saman med motorsag. Når andre tok fram ei god bok tok han fram kniven. Han har hatt mange demonstrasjonar på messer fleire plasser i landet (Oslo,Trondheim ,Bergen ,Stavanger,Seljord osv. ).

Han har hatt fire turar med Woodturning Cruise frå Stavanger til Nordkapp. Målet er å skjera humoristiske figurar med med gode uttrykk med minst mulig knivkutt.

Musikk v/ Andreas Bjørsvik, gitar.

 

 

Detaljar:

Start:
5. november 2017
Slutt:
17. desember 2017
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22

Anna

Opningstider
Ope laurdag og søndag kl 11-16