Utstilling med Lars Elling

Lars Elling – maleri og grafikk
20. juli (opning kl. 13.00) – 18. august

Ope alle dagar kl. 11 – 16

LARS ELLING (f. 1966) er ein historieforteljar. I bildene hans ligg lag på lag av symbolikk som ofte vekkjer nostalgiske minne, medan det urovekkjande ligg og lurer i bakgrunnen.
Lars Elling er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har hatt stor suksess både nasjonalt og internasjonalt med utstillingar rundt i Europa og USA. Arbeida hans er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Trondheim Kunstmuseum, Norsk Kulturråd og Europakommisjonen, for å nevna nokre.

Høyr podkast med Lars Elling på NRK

Les meir

 

 

Published on: 15 juli
Posted by: