Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

LARS ELLING – maleri og grafikk

20. juli 2019 - 18. august 2019

20. juli – 18. august 2019
Ope alle dagar kl. 11 – 16

LARS ELLING (f. 1966) er ein historieforteljar. I bildene hans ligg lag på lag av symbolikk som ofte vekkjer nostalgiske minne, medan det urovekkjande ligg og lurer i bakgrunnen.
Lars Elling er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har hatt stor suksess både nasjonalt og internasjonalt med utstillingar rundt i Europa og USA. Arbeida hans er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Trondheim Kunstmuseum, Norsk Kulturråd og Europakommisjonen, for å nevna nokre.

Familien er eit gjennomgåande tema i Elling sine arbeid; gjenkjennelege øyeblikk infiltrert av overraskande eller ubehagelege element. Det formale aspektet i maleria blir karakterisert av det utviska og øydelagde. Det reine visuelle uttrykket har ein meiningsfull funksjon, der historie og poesi står som berande element. Maleria kan ein sjå som forteljingar om øyeblikk der det nesten opplevde eller nesten sette blir presentert  i eit drøymande og poetisk uttrykk.  Og dei kan samanliknas med Francis Bacon sine poetiske arbeid. Som hos Bacon portretterar også Elling sine arbeid ein beskrivelse av følelsane sin logikk, og dei har ein begynnelse, ein midtdel og ein slutt, berre ikkje i den rekkjefølgja.

Lars Elling sine arbeid  rører seg i eit lagvis paradoks fylt av det tilsikta/utilsikta, men er samtidig bilde på kunstnaren si personlege pilegrimsreise inn i eit djupt konsentrert arbeid, med øyeblikk av overgjevnad.

http://www.larselling.no/

Foto: Trond Isaksen

 

Detaljar:

Start:
20. juli 2019
Slutt:
18. august 2019

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22