Vi inviterer til opning av utstilling med Solveig Landa og Eva Isaksen
8 april – 21 mai 2017. Ope laurdag og søndag (stengt 1. påskedag) kl. 11 – 16.
Opning, laurdag 8. april kl. 13.00 (galleri og kafe har ope frå kl. 11.00).
Utstillinga «Eit hav imellom» ved Galleri G Guddal er eit møte mellom to kunstnarar. Solveig Landa er opphaveleg frå Seimsfoss og bur i Stavanger, medan Eva Isaksen er frå Bodø og bur i Seattle.