Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Utstilling, Bringager & Malmstrøm, og Espen Attramadal

6. november 2016 - 18. desember 2016

Opning søndag 6. november kl. 13.00 (kafeen er open frå kl. 12.00).

Bringager & Malmstrøm – bilde

Bringanger og Malmstrøm frå Fredrikstad har jobba saman for eit felles målaruttrykk sidan 2008.
Tema for utstillinga i Guddal er «Varde». Om lag 12 heilt ferske måleri kjem over fjellet. I tillegg til dei som er laga for litt sidan.
Gjennom visuelle forteljingar ønskjer dei å inspirera, motivera og gjera sjåaren medviten.

Som til dømes om augneblikka der eit medmenneske eller ei hending gjev livet ny retning, der ei stor erkjenning lyser opp inne i deg, der gleda ved å verka, det å bety noko for nokon eller at noko kjennest altomfattande, seier kunstnarane.

Samarbeider om måleri: I arbeidsprosessen ryddar dei plass for kvarandre sine idear, erfaringar og formspråk. Samarbeidet er både kontrollert og spontant. – Vi jobbar med mange bilete samstundes. Det gjer det mogleg å danna referansar mellom bileta, seier Malmstrøm og Bringager.
I hovudtrekk fører Malmstrøm fargar og Bringager figurar. Dei alternerer mellom bileta, og ser på komposisjon, former og forteljingar saman.
– Samtalar, refleksjon og søk i litteratur og livserfaring er med i alle fasar av prosessen. Mange av måleria får ein tekst, forfatta av Malmstrøm, eller henta i vårt felles tankerom, fortel dei.

Utstillingane til Malmstrøm og Bringager har hatt titlar som glede, feststemt, dans, begeistring, venskap, heil og dristig. Måleria er figurative, fargesterke og forteljande. Alle bileta er originale verk.

 

Espen Attramadal – skulptur

Ny keramikar i Rosendal
Espen Haagaas Attramadal frå Røros har nett flytta til Rosendal samen med kone og born. Han har studert keramikk ved Kunsthøgskulen i Bergen. Haagaas Attamadal har laga seg ein verkstad ved sida av rammemakar Arne Martin Guddal Husby i Rosendal Motell. Hos Galleri G Guddal viser han fram keramikkskulpturar til vegg, men også frittståande arbeid.

Alle kunstnarane vil vera til stades under opninga!

Detaljar:

Start:
6. november 2016
Slutt:
18. desember 2016
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22