Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

JUBILEUMSUTSTILLING – 30 ÅR!

6. april 2023 | 13:00 - 11. juni 2023 | 16:00

JUBILEUMSUTSTILLING – 30 ÅR!

6. april – 11. juni 2023
Opning Skjærtorsdag kl. 13.00 med påfølgjande gratis konsert med Kjere Folk oppe på låven!
Ope resten av påsken alle dagar kl. 11 – 16.
Etter påske ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Også ope Kristi Himmelfartsdag (18. mai) og 2. pinsedag (29. mai).

H.M. DRONNING SONJA, ØRNULF OPDAHL, KJELL ERIK KILLI OLSEN, EVA HARR, KENNETH BLOM, BÅRD BREIVIK, ULF NILSEN, NICO WIDERBERG, YNGVE HENRIKSEN, LARS ELLING.

Eg er stolt over å kunna feira 30 år med galleridrift! Frå ein forsiktig start i Snikkeriet, via kaien i Rosendal,
for så å opna den store satsinga her i Guddal i 2014. Fokus har heile tida vore formidling av god samtidskunst. Men som gründer skulle eg også leva av dette – utan offentleg støtte.

Litt av nøkkelen i dette har heilt klart vore alle dei fine kunstnarane som har turt å satsa på galleriet. Kome med fine utstillingar og nesten alltid teke turen hit for å delta på utstillingsopningane.

Nokre av desse som har betydd så mykje for galleriet har eg invitert til å delta på denne Jubileumsutstillinga. Alle med 2 – 5 verk. Nokon har stilt ut i galleriet både tre og fire gonger. Og levert nye verk fleire gonger pr. år i alle desse åra. Det var også naturleg å invitera ein heilt ny kunstnar; Ulf Nilsen som også er ein av dei heilt store kunstnarane i Norge i dag.

H.M. DRONNING SONJA – grafikk

I 2018 fylte Dronninga begge utstillingsromma med både grafikk og keramikk. Galleristen er utruleg glad for at Dronninga vil delta med nokre få grafiske blad saman med dei andre kunstnarane på denne Jubileumsutstillinga! H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan.

Akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus.
Men Dronninga er nysgjerrig på det meste av kunstuttrykk så ho har også samarbeidd med andre kunstnarar blant anna innan glaskunst, keramikk og akvarell.

I 2022 såg vi henne saman med den fantastiske akvarellmalaren Lars Lerin. I 2010 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling, «Tre reiser. Tre landskap», som ein m.a. kunne sjå i Baroniet Rosendal.Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award (QSPA).

Stiftelsen QSPA deler ut tre internasjonale prisar til kunstnarar som jobbar med grafikk – Queen Sonja Print Award, QSPA Inspirational Award (ein nordisk pris) og QSPA Lifetime Achievement Award.

Prisane blir delte ut annakvart år og heidrar og anerkjenner 3 eksepsjonelle kunstnarar som jobbar innan grafikkfeltet, og som er på forskjellige stadie i sin karriere.

ØRNULF OPDAHL  – maleri.

Den store vestlandsmalaren som  har hatt  utstilling i galleriet fleire gonger. Sist var med maleri i 2016.
Opdahl (1944) bur på Godøya ved Ålesund og har denne naturen med i bildene sine.

Fjordlandskap, stilt hav ved Alnæs fyr eller nærstudie av ville sunnmørsfjell. Vi kjenner oss alle igjen i desse naturvariasjonane; skodde, ruskever, eller sola som bryt gjennom.

KJELL ERIK KILLI OLSEN – maleri.

Du såg han kanskje i Nrk-serien «Kunstnerliv» hausten 2022? Killi Olsen (1952) hadde utstilling i galleriet i 2008 – då galleriet var ned på kaien i Rosendal. Han er særleg kjend for sine fargesterke maleri, ofte av menneskeliknande, groteske og humoristiske fantasiskikkelsar inspirert av samtidsdesign og eksotisk kunst.

Det store verket «Salamandernatten» representerte Norge på kunstbiennalen i São Paulo  1983. Dette er no stilt ut permanent i Trondheim. Ein av dei mest kjende skulpturane i Skulpturlandskap Nordland, «Mannen fra havet» i Bø i Vesterålen, er også laga av Killi Olsen. I 2016 kjøpte han garden Sandbu i Vågå som no har blitt til ein fin  kulturstad med eige atelier.

EVA HARR – maleri.

Kunstnaren frå Harstad var nesten som ein fødselshjelpar då galleriet starta opp i 1993. Knytte kunstnarkontaktar og følgde opp dei første åra. Tusen takk! Harr (1951) bur i Oslo men det er alltid dei nordnorske motiva. Hus i landskap, landskap utan hus, på Røst, på Reine osv. Hus som står åleine – men likevel godt planta i landskapet.

Det er mykje «heimlengsel», minne, erindringar, men også samtid, i Harr sine motiv. Meditasjonar kanskje, stille øyeblikk, eller referansar til noko som er, men som kanskje ikkje er lett å få auga på. På Reine i Lofoten har ho sitt eige galleri.

evaharr.no

KENNETH BLOM – maleri

Kunstnaren kjem til Guddal med nye maleri innimellom utstillingar blant anna i Berlin, Seoul og Frankfurt. Han var her sist, med koronarestriksjonar, i 2020. Ein kunstnar med vanvittig energi og jamnlege utstillingar i Europa, USA og Asia.
I bildene ser vi  tankefulle menneskefigurar, ofte med arkitektoniske bakteppe, fargane antydar ein dramatikk som ligg og lurer under overflata.

Mange har skildra Blom (1967) sine bilde som scenografiar og tablå som viser frosne øyeblikk, der noko har skjedd og vil koma til å skje. I kroppane og bevegelsane ligg eit heilt hav av følelsar og samtalar vi bare kan gjetta oss til. I landskapa fins like mange historiar.

kennethblom.com

BÅRD BREIVIK (1948 – 2016) – skulptur

Det er berre to år sidan den store utstillinga i galleriet  med Bård Breivik sine skulpturar og bilde. Og dei fine uteskulpturane som vi alle saknar. Tusen takk til Bård sin familie som på nytt sender skulpturar til Jubileumsutstillinga!

ULF NILSEN – kolteikning

I denne samlinga av kunstnarar som har betydd så mykje for galleriet var det også naturleg å invitera ein som ikkje har stilt ut her før. Ulf Nilsen er denne nye kunstnaren. Han er fødd i Trondheim i 1950, er utdanna på KHiO og representert i Nasjonalmuseet, Astrup Fearnley Museet og Dronning Sonjas kunstsamling. I 2006 hadde han separatutstillingen «…og alle blomster» i Baroniet Rosendal.

I Galleri G Guddal vil han visa 3 kolteikningar av ei rose, alle med tittel «Rose is a rose is a rose» inspirert av Gertrude Stein. «Rosen symboliserer lys og mørke, liv og død.» seier Ulf Nilsen. «Jeg ønsker å skape en rekke klanger som er hviskende og lavmælt».

ulfnilsen.com

NICO WIDERBERG – skulptur

Nico Widerberg (1960) sine skulpturar er velkjende i det offentlege landskapet. Han har hatt fleire utstillingar i galleriet med både skulptur, måleri og grafikk. Galleristen syns alltid det har vore for få skulpturar i glas så denne gongen vel vi å konsentrera oss kun om det. Heilt nye så no er vi alle spente!

nicowiderberg.no

YNGVE HENRIKSEN – maleri

Henriksen (1965) hadde stor utstilling her sist i 2021 – og fleire gonger før det. Kunstnaren  bur og arbeider i Lofoten.
Her er han også fødd og oppvaksen. Livet og landskapet der er det viktigaste kjeldematerialet. Gjennom arbeida sine formidlar han tilstandsrapportar derifrå. Poesien som bur i ein kvardag.

Det å opna blikket ut mot landskapet er også ein måte å opna ein indre horisont på. Ein stad å festa blikket. Fargerike, abstraherte landskap der ein stadig oppdagar nye ting.

LARS ELLING – maleri

Kunstnaren (1966) med alle talenta; biletkunstnar, musikar og fersk forfattar med stor suksess! Han bur delvis i Oslo og delvis i Sør-Afrika. Ein historieforteljar. I bildene hans ligg lag på lag av symbolikk som ofte vekkjer nostalgiske minne, medan det urovekkjande ligg og lurer i bakgrunnen.

Familien er eit gjennomgåande tema i Elling sine arbeid; gjenkjennelege øyeblikk infiltrert av overraskande eller ubehagelege element.

larselling.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Detaljar:

Start:
6. april 2023 | 13:00
Slutt:
11. juni 2023 | 16:00
Kategori: