Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

TOR-ARNE MOEN – maleri

17. juni 2023 | 13:00 - 16. juli 2023 | 16:00

TOR-ARNE MOEN (1966)  «Ingen tid å miste»
maleri og tresnitt
17. juni – 16. juli 2023
Ope alle dagar kl. 11 – 16.

Moen er ein norsk malar, grafikar og forfattar med atelier på Notodden sidan 1992.
Han har utdanning frå Kunsthøyskolen  i Bergen. Malaren kjenneteiknas med sin høgt oppdrevne figurative teknikk med ei overflate beståande av grove og tjukke malingstrøk med varierande penselbreidde i lag på lag.

Moen jobber som regel i seriar over eit tema som kan oppta han i fleire år før han skiftar tema og stil og atter søkjer ei ny vinkling i sine maleriske utgravingar. Nokon gonger er skifta så dramatiske mellom hans epokar at publikum knapt kjenner igjen malaren fra éi utstilling til den neste. Moen hadde sitt gjennombrot med ein serie maleri til Hamsun samlede verker tidleg på 90-tallet og fortsette med ein serie ekspressivt utforma motorsyklar.

Sidan har han malt seg gjennom eit stort spekter av forskjellige tilnærmingar til maleriet og vore innom dei fleste klassiske, figurative disiplinar med varierande motivkrets, som portrett, landskap, byinteriør, burleske, fabulerande, meir eller mindre surrealistiske samanstillingar mellom dyr og menneske – kort sagt det meste.

I to periodar, frå 2004 til 2012 og frå 2017 og framover, har han jobba med ei nostalgisk tilnærming til maleriet med utgangspunkt i gamle svart-kvitt-albumfotografi som motivkrets og støtte for auga. Her gjenkjenner betraktaren straks den fotografiske referansen til ei viss tid og ein viss type fotografi, samtidig som han opplever den maleriske tilføringa i strøk og farge i feite, ofte ekspresjonistiske strøk.

Både referansane og det maleriske foredraget har i disse bildene eit tilbakeskodande preg, samtidig som betraktaren må innsjå at bildene er laga i vår tid og sett med vår tids auge og vår tids nostalgi. Utstillinga i Galleri Guddal sommaren 2023 vil bli ein del av hans nostalgiske prosjekt og vil bestå av nye motiv med tilbakeskuande referansar.

I 1996 bygde Moen opp ein verkstad for fargetresnitt i samband med sitt atelier i Hydro Notodden Næringspark. Verkstaden blei utforma etter modell frå Terje Grøstad sin tresnittverkstad på Nutheim i Telemark, der Grøstad på fleire måtar var ein mentor for Moen i denne tida. Som grafikar er Tor-Arne Moen oftast oppteken av dei same motivkretsar som vi ser i hans maleri og motiva i grafikken hans speglar som regel hans seriar av maleri. Som i maleria begynte han også med Hamsun-relaterte motiv og gjekk så i tur og orden over til dei komande seriane.

Moens tresnitt kjenneteiknas ofte med mange plater og ein rustikk struktur som ikkje er heilt ulik den vi finn i maleria hans.
Tresnitta ber preg av at det er lagt ned eit stor tidkrevjande arbeid i utskjeringa av platene og sjølve trykkjeprosessen. Han brukar også rundt rekna ein månad på eitt enkelt motiv og når opplaget er trykt krev dei mange laga med trykksverte ei tørketid på ytterlegare minst ein månad.

Tor-Arne Moen lagar også filmar om sitt arbeid og på YouTube eller heimesida hans viser han eit stort utval kortfilmar, frå 2 – 30 minutter lange, der han i detalj viser korleis han byggjer opp eit maleri eller eit tresnitt frå botnen av. På nrk.no ligger det også en halv times dokumentar om kunstnaren som blei teke opp over ein periode på sju år – for det meste i atelieret på Notodden.

torarnemoen.no

Detaljar:

Start:
17. juni 2023 | 13:00
Slutt:
16. juli 2023 | 16:00
Kategori: