Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sopphelg 9. – 11. september 2022

9. september 2022 - 11. september 2022

SOPPHELG 9. – 11. september 2022.

Opning fredag 9. september kl. 19.00.
Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.

POP-UP UTSTILLING

HERDIS TORSVIK – keramikk
LASSE BERNTZEN – akvarell

Foredrag,  soppkontroll, servering av mat og drikke  m/sopp  osv.
Vi startar fredag kveld med opning av ei lita pop-up utstilling i galleriet i tillegg til kveldstund på låven med foredrag om sopp,  servering osv.
«Hekta på sopp» v/ Herdis Torsvik.
«Sex & Drugs & Rock & Roll» v/ Lasse Berntzen.
Vi har plass til maks 90 personar fredag kveld så for å vera sikker på at du får plass, meld deg på til Gøril, tlf 95786322.
Billett kr. 350,- inkl. prøvesmaking av soppsuppe og div.
Sopp er populært og mange ynskjer å læra meir.
Vi kjem til å visa eit utval fersk sopp som kan vera ein første inspirasjon til soppturen.
To stk. sertifiserte soppkontrollørar (Herdis Torsvik og ein til) er med heile helga så her blir alt trygt!
Dei vil også sjekka soppkorga di laurdag kl. 14 – 16. Kjøper du billett fredag kveld er denne kontrollen inkludert.
Elles kr. 50,-.

HERDIS TORSVIK – keramikk
Galleriet har seldt Torsvik sine produkt i mange, mange år.
Denne gongen viser ho koppar ho har via soppen!
Soppkopp II er ein liten serie koppar der sopp har vore inspirasjonskjelda og der soppen er brukt som eit funksjonelt grep og ein leik med keramiske teknikkar.
Herdis Torsvik ( f 1965) er utdanna produktdesignar frå Høgskolen i Akershus, avd AFP 1999-2002. Hennar arbeidsfelt er funksjonelt kunsthandverk i porselen og steingods der ho jobbar med modellering og støypeteknikk.
Torsvik er også arrangør av diverse kunstarrangement og marknadar. Ho har verksted på USF i Bergen og held kurs for ei rekkje brukarar, barn og vaksne.
Herdis er også soppsakkyndig (SSK) frå 2018 og tidlegare styremedlem i Bergen sopp- og nyttevekstforening.

Herdis Torsvik

LASSE BERNTZEN – akvarell
Berntzen lærte å bruka sopp i matlaging frå mor og bestemor og har alltid vore ein soppentusiast.
Kunnskapen og entusiasmen har også prega bildene hans.
Her blir det bilde av sopp!
Berntzen er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi  og Kunst- og håndverkskolen i Bergen.
Han har i galleriet  tidlegare vist bilde av vestnorske landskap og av insekt.
Denne gongen blir det inspirasjon frå soppturen.

Lasse Berntzen

Detaljar:

Start:
9. september 2022
Slutt:
11. september 2022
Kategori: