Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnæs, Kjell Nupen m.fl.

24. mars 2018 - 13. mai 2018

Ope påske: Laurdag 24. mars (opning kl. 13.00) – onsdag 28. mars og laurdag 31. mars kl. 11 – 16
Etter påske: Laurdag og søndag kl. 11 – 16.


Ei kollektiv utstilling med hovudvekt på kunstnarane Kjell Nupen, Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnæs

Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs

Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs starta det norske kunståret med felles utstillingar i Oslo og fleire andre stader rundt i landet. Ein knallstart med truleg tidenes medieoppslag i TV,  aviser og nett!

Melgaard har flytta frå New York og heim til Norge.

Han er midt i diskusjonen om å setja opp boligen «A house to die in» på Ekely ved Edvard Munch sitt atelier. Snøhetta teiknar huset. Som vanleg blir det støy rundt kunstnaren.

Sverre Bjertnæs gjekk ut frå kunstutdanninga for omlag 20 år sidan som eit nærast genierklært talent og ligg i dag heilt på toppen av norske kunstnarar. Med samarbeid med Håkon Bleken (som ein også finn på veggene i galleriet) som ei særskild fjør i hatten.

Desse to kunstnarane har laga utstillinga «Noe må gå i stykker» som eit samarbeidsprosjekt der dei begge jobbar i eitt og same bilde. Totalt 34 etsingar, monotypiar og silketrykk kjem til Guddal!

Faktisk også ein god del handkolorerte trykk – eksklusivt!

Bildene byggjer på ei felles interesse for litteratur, og den norske forfattaren

Stig Sæterbakken (1966 – 2012) har vore inspirasjonen.

https://www.facebook.com/sbjertna


Kjell Nupen

Kjell Nupen (1955 – 2014) sine bilde har vore viste fleire gonger i Galleri G Guddal.

Sist med stor utstilling i 2015.

Denne gongen har galleriet fått 20 motiv frå samlinga som er igjen etter han.

Nydelege bilde – nokre har vi sett før men dei fleste ikkje.

«Forgotten memory» var med på forrige utstilling men blei fort utseld. Dette var eit av dei siste han laga og han rakk ikkje å signera heile opplaget. Dette er no ordna ved sertifisering frå advokat og trykkeri slik at vi igjen kan sjå dette store fantastiske bildet med den fine blåfargen. Berre å gle seg!

 

Det er ei samling av denne heilt nye grafikken (20 bilde) som blir vist i Guddal.

https://www.aftenposten.no/kultur/i/4dzW6g/Som-om-ordentlige-Bjertnas-har-klart-a-temme-villbassen-Melgaard

https://www.dagsavisen.no/kultur/dobbelt-sa-bra-1.1083864

https://gallery.mailchimp.com/379c8fa8309dec9fe31b4022e/files/823ca7c5-4f5d-4fed-9233-2778959b202c/Aftenposten_Sverre_Bjertnes_og_Bjarne_Melgaard_Na_r_to_kunstnere_kolliderer_Aftenposten.pdf

 


Camilla Prytz

Smykkekunstar Camilla Prytz viser smykke i sølv og emalje.

Den forrige utstillinga hennar i galleriet var i 2005 der vi fekk sjå smykke og fat i sølv og glas.

Vi gler oss stort til å sjå dei fargerike smykkene hennar att!

Prytz starta som glaskunstnar men har gått meir og meir over til smykke og er i dag ein av dei store smykkekunstnarane i Norge. Men lagar framleis arbeid  i glas som t.d. nydelege vasar i samarbeid med andre glasmeistrar.

Ho kjem stadig med nye produkt så det er spanande å følgja henne!

http://www.camillaprytz.no/

https://www.facebook.com/camillaprytz

Camilla Prytz

Camilla Prytz

 

 

Detaljar:

Start:
24. mars 2018
Slutt:
13. mai 2018
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22