Foto: Tom A. Kolstad
HÅKON GULLVÅG – maleri og grafikk
21. juli – 10. september
Ope alle dagar kl. 11 – 16 til og med 20. august.
Etterpå laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Håkon Gullvåg var den første kunstnaren som hadde utstilling i det nyopna galleriet i Guddal i 2014.
Det er sjølvsagt stas å få til ei ny utstilling med denne kunstnaren!
Også denne gongen kjem han sjølv og er med på både montering og opning. Håkon Gullvåg (f. 1959) er fødd og oppvaksen i Trondheim. Allereie 16 år gamal blei han teken opp ved Kunstskolen i Trondheim (frå 1977 Kunstakademiet i Trondheim). Gullvåg sine ungdomsverk vitnar om eit tidleg modent talent, både formalt og innhaldsmessig. Han eksperimenterer dristig i ulike retningar, både abstrakt og figurativt, men frå slutten av 70-tallet blir det figurative uttrykket einerådande.
Sidan begynnelsen av 90-tallet har han vidareutvikla maleriet mot kva vi framleis ser som hans fremste kjenneteikn: Ein nærast barokt frodig stil, der motivet vert rissa opp i skarpe fargar mot ein nesten alltid nattsvart bakgrunn. Dramatisk.
Erfaringar frå barndommen og frå oppveksten til eigne barn er ein sentral motivkrets gjennom heile kunstnarskapet. I tillegg blir stillebenet, samt litterære motiv viktige utover 80-tallet.
Frå 1995 har Gullvåg teke på seg fleire større kyrkjeutsmykkingar, og markerar seg som ein av våre fremste innan kyrkjekunst. Omtrent parallelt får han stor anerkjenning for sine portrettprosjekt av markante personar i Norge. Portretta av kongen og dronninga skapte mykje merksemd! Andre han har portrettert er Leif Ove Andsnes, Wenche Foss, Lucy Smith, Mariss Janssons, Arve Tellefsen, Lise Fjeldstad, Gunnar Stålsett og mange, mange fleire.
I 2014 opna ei nybygd kyrkje i Jordan der Gullvåg hadde ansvar for mellom anna altertavla.
Den håplause situasjonen i Midt-Austen har ein stor plass i kunsten til Gullvåg.