JUBILEUMSUTSTILLING – GALLERI I 25 ÅR!
3. november (opning kl. 13.00) – 22. desember 2018
Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16
Morten Molden – maleri og grafikk
MORTEN MOLDEN, Bergen. Sivilarkitekt frå NTH i ei tid då kunstnarar som Håkon Bleken underviste også arkitektane. Slikt blir det også kunstnarar av. Molden viser både maleri og grafikk. http://k7bulletin.no/kunstarkitekten/
Karen Rebekka Vasstrand – maleri
KAREN REBEKKA VASSTRAND, Bergen. Vi såg maleria hennar i galleriet i 2001. Denne gongen er motiva både frå bymiljø og frå landskap med sauer. http://kunsthistorie.com/fagwiki/Karen_Rebekka_Vasstrand
Turi Løvik Kirknes – foto
TURI LØVIK KIRKNES frå Valen men bur i London. Fotograferar smykke for dei mest ekslusive designarane og moteblada! www.tlkphotographer.com/
Dag Sørensen – keramikk
DAG SØRENSEN, keramikar busett i Rosendal, har hatt fleire utstillingar i galleriet. Heilt nye arbeid omtrent direkte frå brenningsovnen!
Frøydis Aarseth – maleri
FRØYDIS AARSETH, frå Vevring i Sogn og Fjordane. Utdanning frå m.a. Italia og Frankrike. Ho har sidan 2011 hatt sin eigen malarskule i Bergen. Figurative bilde malt med olje. www.froydisfineart.com/about/
Peter Marron – keramikk
PETER MARRON, Lepsøy v/ Os. Engelsk keramikar utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Vi kjenner dei fine keramiske oselvarane hans frå galleributikken. Men på utstillinga blir det sauer på vegg! www.marron-ceramic.com
Leif Hedman – skulptur (i stallen)
LEIF HEDMAN, Fitjar. Skulptør som jobbar med metall. Gjerne gjenbruk av metall.
Han vil visa ein lydskulptur i Stallen i tunet. Lyd v/ Helge Haaland.