Loading Events

« Alle hendingane

Lasse Berntzen – akvarell og grafikk

13 april - 5 mai

  1. 13. april – 5. mai 2019
    Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.
    Påske: Laurdag 13. – onsdag 17. april. Påskeafta. Kl. 11 – 16.

«Prospekt» er tittelen på Lasse Berntzen sin komande separatutstilling der han viser sine nye akvarellar – malt i løpet av fjoråret. Etter mange år med hovudvekt på tangerande kunstnerisk arbeid innafor design, arkitektur og undervisning er han no tilbake til sitt utgangspunkt – bildekunsten. Tidligare har han hatt mange separatutstillingar og delteke på kollektive utstillingar, men dette blir hans første separatutstilling på mange år. Prosjektet starta som ei sjølvpålagd øving der han prøvde å mala eit nytt bilde kvar dag. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, men resulterte i ein nærast lidenskapeleg iver og konsentrasjon i å mala nye bilde – så ofte som mogleg.

Lasse Berntzen er fødd i Bergen i 1954, og er masterutdanna bildekunstnar og designar frå Vestlandets Kunstakademi og Kunsthøgskolen/Universitetet i Bergen. Han har mellom anna bakgrunn som førsteamanuensis/Associate Professor i designteori ved Universitetet i Bergen, som designsjef i Festspillene i Bergen, og som dagleg leiar i det fleirfaglege arkitektur og designstudioet Fuggibaggi as i Bergen.

Lasse Berntzen har hatt separatutstillingar i Bergen kunstforening/Bergen Kunsthall, i Galleri Norske Grafikere og Galleri Tegnerforbundet i Oslo, og i mange kunstforeningar i norske byar. Han har delteke på ei lang rekkje kollektive utstillingar i inn og utland, mellom anna Statens Høstutstilling – fleire år på rad. Han er offentleg innkjøpt av mellom anna Norsk kulturråd og Justisdepartementet, og han har utført fleire store offentlege utsmykkingsoppdrag på for eksempel Nedre Korskirkeallmenning, i Vågsbunnen, i Kong Oscars gate i Bergen og på fleire andre stader i Norge. Lasse Berntzen er medlem av Norske Billedkunstnere og Norske Grafikere og er konsulent for offentlig norsk kunstnerisk utsmykking, Koro.

Informasjon

Start:
13 april
Slutt:
5 mai
Hendingskategori:

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22