Loading Events

« Alle hendingane

H.M. Dronning Sonja – grafikk og keramikk

23 juni - 08:00 - 19 august - 17:00

Ope alle dagar kl. 11 – 16


Det er ei stor ære for Galleri G Guddal å ynskja velkomen til utstilling med H.M. Dronning Sonja sine heilt nye bilde og keramikk!  Dronninga kjem til å fylla begge utstillingsromma med arbeida sine.

H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan. Det starta med akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus.

I 2011 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling,
«Tre Reiser. Tre landskap», som ein m.a. kunne sjå i Baroniet Rosendal.

Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award.
Eit fond for unge utøvande kunstnarar som jobbar spesielt opp mot grafikk.

For å støtta opp om Queen Sonja Print Award har Dronninga samarbeidd med fleire anerkjende kunstnarar. I 2016 og 2017 laga Dronning Sonja og Magne Furuholmen ei utstillingsrekkje der mange av dei grafiske arbeida var fellesverk, der  kunstnarane hadde samarbeidd  i eitt og same bilde.

 

Informasjon

Start:
23 juni @ 08:00
Slutt:
19 august @ 17:00
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart