Galleri og kafe tar ein liten haustpause

Galleri og kafe tar ein liten haustpause men er tilbake med opning av jubileumsutstilling (25 år!) laurdag 3. november kl. 13.00!

Morten Molden, Karen Rebekka Vasstrand, Peter Marron, Trude Hisdal, Dag Sørensen, Frøydis Aarseth, Leif Hedman og Turid Løvik Kirknes.

Ordføraren opnar og det blir musikk oppe på låven!
Søndag 11.november – presentasjon av bok om klyngjetun v/ Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth.
Søndag 18. november – Arnhild Litlere framfører tekstar av Jon Fosse. Musikk v/ Arvid Aasprang – saksofon.

Og kanskje blir det meir i førjulstida – følg med, følg med!

Published on: 8 september 2018
Posted by: Galleri G Guddal

Utstilling med H.M. Dronning Sonja

Det er ei stor ære for Galleri G Guddal å ynskja velkomen til utstilling med H.M. Dronning Sonja sine heilt nye bilde og keramikk!
Utstillingsopning laurdag 23. juni kl. 15.00

Published on: 20 juni 2018
Posted by: Galleri G Guddal

God Jul!

Galleriet har ope
fre 15. – laur 23. desember kl. 11 – 16.
Etterpå tar vi pause og opnar igjen
påske 2018. Galleriet feirar 25 år
i 2018 og utstillingsprogram for
jubileumsåret kjem litt ut på nyåret.

GOD JUL!

Published on: 12 desember 2017
Posted by: Galleri G Guddal

STINE EIDE – teikning og
KJELL MUSLAND – skulptur i tre.

Søndag 5. november kl. 13.00 opnar Stine Eide og Kjell Musland utstilling i Galleri G Guddal.
Kunstnaren STINE EIDE tek blyanten på største alvor og teiknar både tankevekkande,
komiske og parodiske bilde i ein tidkrevjande, fotorealistisk strek. I underetasjen i galleriet
ynskjer vi velkomen til KJELL MUSLAND sitt imponerade skulpturunivers.

Utstillinga står til 17. desember. Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.

Published on: 26 oktober 2017
Posted by: Galleri G Guddal

Utstilling med galleriet sine faste kunstnarar

Utstilling med galleriet sine faste kunstnarar.
Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16 t.o.m. 10. september.

Etterpå tar galleri og kafe pause fram til neste utstilling som opnar søndag 5. november.

Published on: 21 august 2017
Posted by: Galleri G Guddal

Arne Åse – porselen

25 mai (opning kl. 13.00) – 25. juni 2017.
Ope alle dagar kl. 11 – 16.

Flortynn gjennomskinleg porselen. Kjensla av noko eksotisk og uendeleg vakkert! Dette er verkeleg ein av nestorane i norsk keramikk – gle dykk!

Published on: 22 mai 2017
Posted by: Galleri G Guddal

Solveig Landa og Eva Isaksen

8 april – 21 mai 2017.
Ope laurdag og søndag (stengt 1. påskedag) kl. 11 – 16.
Opning, laurdag 8. april kl. 13.00
(galleri og kafe har ope frå kl. 11.00).

Published on: 2 april 2017
Posted by: Galleri G Guddal