Loading Events

« Alle hendingane

Jubileumsutstilling. Galleri G Guddal 1993 – 2018. 25 år.

3 november - 11:00 - 23 desember - 16:00

Ope laurdag og søndag kl. 11 – 16.

Galleri G Guddal opna første ustillinga i november 1993 så det passar å ha jubileumsutstillinga på denne tida av året.
Dette blir ei kollektiv utstilling som kjem til å spegla litt av det som har skjedd i 25 år.
Men også nye ting.

To av kunstnarane kjem til å prega utstillinga;
Morten Molden og Karen Rebekka Vasstrand. Begge busette i Bergen.

 


MORTEN MOLDEN – maleri

Molden er utdanna sivilarkitekt fra NTH og fekk der også sin kunstneriske skulering.
Han hadde i fleire år lærarar som Håkon Bleken og Lars Tiller m.fl. Molden hadde si  første separatutstiling som 18-åring i Levanger, der han er fødd, og debuterte i Trondhjems Kunstforening samme år som han begynte på NTH. Han har heile tida dreve med kunstnerisk aktivitet og har hatt diverse separatutstillingar på Vestlandet og i Oslo.

Samtidig som han har hatt arkitektpraksis i Bergen. Dei siste åra har han jobba på heiltid med biletkunst  og arkitektkontoret blei då avvikla og omgjort til atelier.
Molden jobbar både med maleri i akrylteknikk, og med digital grafikk. Til saman gjev desse teknikkane eit breidt spekter av uttrykksmoglegheiter.

Medlem av Norske Billedkunstnere (NBK).

 

 


KAREN REBEKKA VASSTRAND – maleri

Vasstrand hadde utstilling i Galleri G Guddal i 2001. Då også med maleri.
Solfylte grøne vestlandsbakkar med beitande sauer. Men også andre motiv.
Gjennom snart 40 år har ho jobba med maleriet , og alltid med same mål for auga;
å intensivera eit tilsynelatande likegyldig motiv, gje solfylte søndagsstille gater ei uro og fremandkjensle.
Det blir spanande å sjå kva ho presenterer i 2018!

Dei andre kunstnarane som deltek på  utstillinga blir offentleg seinare.

 

Informasjon

Start:
3 november @ 11:00
Slutt:
23 desember @ 16:00
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart