Loading Events

« Alle hendingane

  • Denne hendinga er over.

Augon Johnsen – måleri, Mari Kanstad Johnsen – teikning/print 14. april – 8. mai 2022

14 april - 8 mai 2022

AUGON JOHNSEN OG MARI KANSTAD JOHNSEN

14. april – 8. mai 2022
Opning 14. april kl. 13.00 (Skjærtorsdag).
Ope alle dagar t.o.m. 2. påskedag kl. 11 – 16.
Etter påske laurdag og søndag kl. 11 – 16.

AUGON JOHNSEN  f. 1953 i Skien og busett i Bergen sidan 1976.

Utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole 1982. Var med og starta graffikkverkstaden  Grafikk Vest på 1980-talet og jobba  hovudsakleg med kunstgrafikk og illustrasjon/design  utover 80 og 90-talet med ein stor produksjon av bokdesign/illustrasjon, hovudsakleg for Gyldendal.
Nokre år også som illustratør på kultursidene i Bergens Tidende.
Deltok ei rekkje gonger på Statens Høstutstilling på 1980-talet.

Johnsen gjekk over til måleri  rundt tusenårsskiftet og har hatt ein stor og veksande produksjon fram til no med ei rekkje separatutstillingar over mesteparten av landet.

Malestil:  Figurativ. Delvis abstrahert.

Motivkretsar:

Kysten. Enten inne i dei vestlandske fjordane,men aller mest ute  i  skjergarden på Helgeland. Fasinasjonen er møtet mellom land og hav. Landet som stoppar brått mot horisonten.
Fjell som står rett opp langt til havs. Ein enorm visuell kontrast.

Planter/luft/vatn. Organiske former der livet på jorda ein gong blei til.
Ofte planter og vatn/fisk. Eller lauvverk og fugl.

 

Dyr. Hest/ryttar. Hund. Framstilt som kjemper på jorda plassert i det store åpne landskapet
(mot havet?) med stor kraft, men med ein meditativ ro.
https://augon.no/maleri

 

MARI KANSTAD JOHNSEN

Mari Kanstad Johnsen (f. 1981, Bergen) bur og arbeider som biletkunstnar, illustratør og barnebokforfattar i Oslo.
Ho er utdanna i visuell kommunikasjon ved KHIO og Konstfack, og har sidan endt skulegong illustrert over 20 biletbøker, inkludert 5 ho også har skrive. Bøkene har blitt godt mottekne, og har vunne ei rekkje prisar, inkludert Special Mention i Bologna Ragazzi Award, og fleire gull i Årets Vakreste Bøker. Fire bøker har også blitt nominert til Brageprisen.
Som biletkunstnar har ho mellom anna hatt seperatutstilling ved Fotokino i Marseille og Tegnerforbundet. Sjølv om Kanstad Johnsen arbeider med mange teknikkar, også grafikk og keramikk, er kjerna i uttrykket teikning, og ho arbeider gjerne med blyant og blekk på papir.
Bileta kretsar tematisk rundt tema natur, fauna og interesse for menneske og kroppsspråk. Ofte er det detaljerte landskapsteikningar som blandar gjenkjennelege element og fantasi.
Som illustratør har Kanstad Johnsen arbeidd med kundar som Morgenbladet, The New York Times og Washington Post.
http://marikajo.com

Mari Kanstad Johnsen

 

 

 

Informasjon

Start:
14 april
Slutt:
8 mai
Hendingskategori: