Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Pippip Ferner 21. mai – 16. juni 2022

21. mai 2022 - 16. juni 2022

PIPPIP FERNER 21. mai – 16. juni 2022
Ope alle dagar kl. 11 – 16.

I samarbeid med Rosendal Ungdomsskule og Folgefonnsenteret.

Plastic Revisited #3

Plastkunst inntar Galleri G Guddal 21. mai – 16. juni

Pippip Ferner har i mange år jobba med tema rundt marine organismar og deira sjansar til å overleva i eit hav som blir varmare, surare og blir fylt med plast og alle miljøgiftene som følgjer med plasten. Plasten bidrar til at artar blir trua og forsvinn raskare enn normal evolusjon. Det får dramatiske konsekvensar for naturens, og havets evne til å forsyna oss med ressursar som vi har teke som ein sjølvfølge.

I Galleri G Guddal vil ho visa prosjektet Plastic Revisited #3 som rettar søkjelyset på marin forsøpling – både på den synlege, men også på den vi ikkje ser – mikro- og nanoplast. Det er mange kjelder til dette og tekstilindustrien er ein av dei.

Utstillinga består av ein kombinasjon av vevde og strikka installasjonar, samt ein kleskolleksjon. Alt er laga av funne plast (posar, emballasje, fiskerirelatertplast mm) der ho utforskar handverksmetodar innanfor tekstiltradisjonen for å belysa miljøproblemet frå blant anna utslepp av mikroplast knytta til dagens tekstilproduksjon. Ei blanding av underfundig humor og alvor pregar utstillinga.

Installasjonane blir akkompagnert av fabulerande teikningar av marine organismar.
Hennar nye bok, Plastic Revisited, vil også vera for sal i galleriet.

På opningsdagen 21. mai kl. 13.00, vil elevar fra redesign på Rosendal Ungdomsskule delta på “catwalk” iført plastantrekk frå utstillinga. I forkant har dei hatt ein workshop med Ferner der dei vil laga eigne arbeid og tilbehør til antrekka av funne plast, inspirert av hennar arbeid.

Elevarbeida vil seinare bli viste på Folgefonnsenteret.

Kleskolleksjonen består av fleire antrekk som er laga av plast funne langs veg og på strender. Kvart av plagga representerer eitt problemområde. T.d. kjole sydd av munnbind (som er plast) med fokus på forsøpling under pandemien, kjole av fiskerirelatert avfall som fiskegarn, tau o.l for å visa til avfall frå fiskeriindustrien osv.

Fakta om plast: Kvart år havnar 8 millionar tonn plast i verdshava. Bare i Norge havnar det kvart år anslagsvis 34000 tonn i Nordsjøen. I tillegg antas det at 19000 tonn mikroplast blir sleppt ut i naturen. Av dette kjem anslagsvis 1070 tonn frå tekstilar. Store mengder havnar i havet. Syntetiske fibrar utgjer no meir enn nesten 70% av den globale tekstilproduksjonen. Syntetiske fibrar er i prinsippet plast og sender billionar av syntetiske mikrofiber ut i havet ved tilverknad, vask og slitasje og som lett set seg fast i dyra sine fordøyelsesorgan. Forskarar finn mikroplast i mange arter botnlevande dyr. Også i små krepsdyr – heilt ned til det minste plankton. Når forskarar finn igjen fiber som kanskje stammar frå treningstøyet ditt i magen på ein liten tangloppe på verdas djupaste havbotn, Marianergropa, så seier det sitt.

Felles for desse, er at med plast på menyen blir dei tregare, latare, grev ikkje djupt nok i mudderbotn, klarer ikkje gøyma seg og blir fortare etne av fienden. Hvis den ikkje dør av plasten først. Vi slepp heller ikkje unna, i snitt får vi i oss plast tilsvarende eitt kredittkort i veka – utan at vi veit kva dette gjer med oss på sikt.

Pippip Ferner er bildekunstnar frå Asker, med utdanning frå Edinburgh og New York. Ho har hatt mange separatutstillingar i Norge, og delteke på fleire gruppeutstillingar i Norge og USA, har samarbeida med marinbiologar i NIVA og Universitet i Bergen, og delteke på tokt med Havforskningsinstituttet.

Det blir elevutstilling på Folgefonnsenteret.

http://www.pippip.no/

 

 

Detaljar:

Start:
21. mai 2022
Slutt:
16. juni 2022
Kategori: