Ope alle dagar kl. 11 – 16.
BODIL FRIELE – maleri og skulptur
Det fargerike vedaladet som står ved inngangen til Guddalstunet og galleriet i Guddal er laga av Bodil Friele og var med på den forrige utstillinga kunstnaren hadde i Galleri G Guddal i 2014. «Natur og kultur».
Naturmaterialar er viktige for henne. Tre t.d. kan omskapas til skulpturelle objekt.
I maleria brukar ho akryl/pastell. Fargesterke, ofte med tekst, avhengig av tema for utstillinga.
Dei siste åra har Friele også jobba med eit større prosjekt med tema frå andre verdskrig.
«Poem Paintings and Prisoner of War» har vore vist i Tyskland og er no kjøpt inn av Norsk Luftforsvarsmuseum i Bodø og blir dermed ei permanent utstilling der.
Det er ein spanande og godt etablert kunstnar med lang CV med ustillingar og andre prosjekt vi får på besøk.
MALENE DEKKE EIK – maleri
Den andre kunstnaren som deltek på denne utstillinga er derimot nettopp ferdig med kunststudiar i Melbourne, Australia.
Malene Dekke Eik fødd og oppvaksen i Rosendal. Ho jobbar under kunstnarnamnet Von Dieche, og har si kunstutdanning frå RMIT University i Melbourne, Australia.
I utstillinga syner ho fram arbeid frå den nye serien Fragmenter. Den utforskar forholdet mellom kunst i gallerirommet og gatekunst. Utforskinga mellom desse to stadene er realisert gjennom serieprosessar ved hjelp av tradisjonelle oljemaleriteknikkar,
spray maling, skulptur og fotografering.
Bilete hennar er basert på realistiske portrett og figurative oljemaleri kombinert med skulptur. Skulpturelementet av kunstverket er laga av gips og etterliknar strukturen av murstein, som ofte blir funne i bakgrunnen av gatekunst.
Nettside: https://vondieche.com
Instagram : https://www.instagram.com/vondieche/