Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

FRANK BRUNNER – maleri og grafikk

15. juni 2019 - 14. juli 2019

15. juni – 14. juli 2019
Ope alle dagar kl. 11 – 16.

FRANK BRUNNER (f. 1971) er ein veletablert kunstnar med utdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven, USA.
Det forbigåande går igjen i Brunner sine motiv, stille øyeblikk som eksisterar her og no og er borte igjen i neste sekund. Ofte skildra gjennom stemningsberende ljos, skuggar og speglingar.

Under Frank Brunner si store debututstilling på Stenersenmuseet i 2000 blei alle maleria i serien New Haven kjøpt opp av Galleri Haaken. Sidan har han vore fast tilknytta Galleri Haaken og stilt ut i anerkjende galleri i både USA og Europa. Brunner sine maleri fins i offentlege og private samlingar både nasjonalt og internasjonalt. I Norge har han mellom anna stilt ut på Henie Onstad Kunstsenter og Stenersenmuseet, og i 2012 hadde han ei stor soloutstilling på Haugar Vestfold Kunstmuseum.

Grafikk er ein viktig del av Brunner sitt kunstnarskap og han jobbar  med stor handverksmessig presisjon. Ikkje sjeldan blandar han ulike grafiske teknikkar i eitt og same trykk, noko som gjev ein djupneverknad og ein taktilitet som forsterkar det visuelle uttrykket.

Brunner er på evig jakt etter å kombinera motsetningane mellom det bereknande uttrykket og det impulsive anslaget. Sjølve motiva har også ofte ein tvetydighet i seg, dei balanserar mellom det urbane og det rurale, mellom kultur og natur. I enkelte motiv ser vi spor av menneske, men i dei fleste kan vi kun ana at mennesket ikkje er så langt unna.

Bildene uttrykkjer noko bakanforliggjande, sjåaren  blir teken med inn i ei verd der ein sjølv må fullføra historia.

www.frankbrunner.com

Detaljar:

Start:
15. juni 2019
Slutt:
14. juli 2019

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22